Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskningsmetode og etikk

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

1. semester, vår og 2. semester, haust

Mål og innhald

Overordna mål:

Studentane skal gjennom emnet tileigne seg grunnleggjande kunnskap om ulike forskingsmetodar, deira bruk og metodologiske fundament, samt om forskingsetiske tema. Emnet skal bidra til utvikling av ei analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på kunnskap om metodologi og metode, metodebruk og forskingsetikk.

Fagleg innhald:

Innhaldet i dette emnet skal dekke ulike typar kvalitative og kvantitative forskingsmetodar, deira teoretiske fundament, bruk og praktiske framgangsmåtar, med særlig vekt på forsking i helsefag. Vitskapsetiske temaområde som normer for vitskapleg virke og forskingsetikk skal inngå.

Læringsutbyte

Etter fullført emne kan studentane

  • gjere greie for metodologisk forankring ulike typar forskingstilnærmingar og - design er knytt til
  • gjere greie for typar kunnskap som ulike forskingsmetodar er eigna til å bringe fram
  • utforme og kritisk vurdere forskingsdesign i forhold til aktuelle problemstillingar
  • analysere publiserte studiar mht metodespørsmål

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar

Oppgåveløysing med rettleiing frå medstudentar og faglærarar, på nett og i seminar.

Undervisinga er om lag 40 skjemalagde timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Aktiv deltaking på seminar og i gruppearbeid.

Presentasjon av gruppeoppgåve og innlevering av denne i læringsmappe.

Vurderingsformer

Ei individuell, skriftleg forskingsdesignoppgåve,

I tillegg vert ei gruppeoppgåve godkjent etter munnleg framlegg med tilbakemelding i seminar.

2 interne sensorar

Karakterskala

Karakterskala A-F

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Studierettleiar: studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering

    Innleveringsfrist
    18.10.2019, 14:00
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen