Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i manuellterapi

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMANT395
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk. Oppgåva kan etter avtale skrivast på engelsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet MANT395 har et omfang på 30 studiepoeng og er normert til eitt semesters fulltidsstudium

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Forskingsdesign bør utarbeidast i andre semester i samband med HEL320 - Forskingsmetode. Prosjektplanen skal ferdigstillast og godkjennast innan 1. februar i tredje semester. Oppgåva skal gjerast i tredje og fjerde semester, med innlevering i fjerde semester

Mål og innhald

Overordna mål:

Målet med masteroppgåva er å innhenta kunnskap, gjennom å vurdera kjelder kritisk, fremja evna til kritisk analytisk tenking, og å ta i bruk vitskapelige metodar. Gjennom masteroppgåva skal studenten få erfaring i å gjennomføre ei studie med vitskaplige metodar og forskingsetiske godt funderte val.

Innhald:

Gjennom masteroppgåva vert teoretisk grunnlag og vitskapelig metode integrert, og problemstillingar knytt til undersøking og/eller behandling av muskel/skjelettlidingar skal studerast på ein vitskapelig måte.

Oppgåva skal fylgja utarbeida retningslinjer som angir formål, omfang, form, oppgåvetypar, prosjektplan, rettleiingsforhold, innlevering og vurdering. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid

Masteroppgåva kan vera eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Val av tema vert gjort i samarbeid med lærarstaben.

Læringsutbyte

Gjennom masteroppgåva skal studenten synleggjera vitskapsbaserte og metodiske resonnement i problemstillingar relatert til manuellterapi. Studenten skal aktivt bruka vitskapelig basert litteratur, vise evne til kjeldekritiske tolkningar og gjenspeila eit solid kritisk analytisk refleksjonsnivå.

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har faglig innsikt innanfor fagområdet
  • kan vise adekvat bruk av vitskaplege metodar og analyseformer

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke relevante metodar for forsking på en sjølvstendig måte
  • kan kritisk analysere og tolke forskingsresultat
  • kan vurdera verdien av ulike undersøkings- og behandlingsformer mot einannan
  • viser sjølvstendig bruk av vitskaplig basert litteratur med adekvat kjeldehenvising
  • viser eit solid refleksjonsnivå med tanke på relevante forskingsetiske forhold og val

Generell kompetanse:

Studenten:

  • viser evne til skriftleg framstilling, struktur og logisk oppbygging

Krav til studierett

Studenter tatt opp i Klinisk masterstudium for fysioterapeuter i manuellterapi (MFMT)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Oppgåva skal skrivast individuelt i siste studieår og tilsvarer eit semesters arbeid. Omfanget er 10.000 ord (+/- 10%), eksklusiv referansar og tabellar/figurer.

Studenten har rett til 20 timer rettleiing individuelt og i gruppe, der deler er IKT-basert. I tillegg kjem kurs i litteratursøk og referanseskriving

Vurderingsformer

Før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen i manuellterapi, må ho/han ha bestått alle tidligare interne oppgåver og eksamenar og levert inn masteroppgåva si. Etter søknad kan masteroppgåva leveras inn etter klinisk eksamen dersom særskilde grunner tilseier det.

Ekstern og intern sensor

Karakterskala

Karakterskala A - F

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane og som kan nyttast ved ulike eksamens- og vurderingsformer.

Emneevaluering

Emneevaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00

 www.uib.no/personer/Jan.Magnus.Bjordal

Eksamensinformasjon