Hjem

Utdanning

Masteremne

Vidareutdanning i bruk av injeksjonar i muskelskjelettsystemet (etter- og vidareutdanning)

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMANTINJ663
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust eller vår.

Emnet blir ikke holdt i 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset skal gje deltakarane kjennskap til:

  • Patologiske tilstandar som eignar seg for ultralydleidd injeksjonsbehandling.
  • Strukturar som eignar seg for bruk av diagnostiske injeksjonar.
  • Funksjonell anatomi, dei viktigaste anatomiske strukturane som eignar seg for ultralydrettleidd injeksjonsbehandling på over- og underekstremiteter.
  • Farmakologi; verknadar og biverknader hos dei vanlegaste legemidla og nødprosedyrane som vert brukt.
  • Hygiene og aseptiske metodar.

Kurset skal òg gje kjennskap til relevant lovgjeving og etikk med omsyn til injeksjonsbehandling.

Læringsutbyte

Det vert forventa at deltakarane med bestått eksamen, etter fullført kurs skal kunne gje injeksjonar i muskelskjelettsystemet på sjølvstendig grunnlag.

Etter fullført kurs skal deltakarane kunne:

  1. Gjennomføre klinisk undersøking som sikrar eit godt grunnlag for å påvise tilstandar som kan eigne seg for ultralydleidd injeksjonar, som diagnostisk utgreiing og smertebehandling.
  2. Kunne identifisere anatomiske landemerke og strukturar, som er nødvendige for korrekt og sikker ultralydrettleidd injeksjonsbehandling.
  3. Ha nødvendig kjennskap til relevant farmakologi; verknader/biverknader.
  4. Kjenne til nødprosedyrar, og å kunne utføre adekvat førstehjelp

Krav til forkunnskapar

Offentleg godkjent helsepersonell med primærkontaktstatus, som manuellterapeutar, kiropraktorar og legar.

Krav til studierett

Dersom det blir færre enn 13 søkjare til eit kurs, vil ikkje kurset bli gjenomført det aktuelle semesteret.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet er på 5 studiepoeng.

Undervising i injeksjonar blir gjeven i form av forelesingar, gruppearbeid, og praktiske demonstrasjonar, som er direkte knytt til kliniske eksempel og tilstandar. Kurset blir lagt opp som eit 5 dagars intensivt kurs.

Alle kursdeltakarane skal under rettleiing utføre injeksjonar på ein annan kursdeltakar under kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minst 10 injeksjonar må vere korrekt gjennomførte og godkjende av kursleiar under kurset.

Vurderingsformer

2-timars skriftleg eksamen på slutten av kursveka.

Karakterskala

Karakterskala: Bestått,ikkje bestått

Litteraturliste

Anbefalt litteratur:

  1. Gerard Malanga & Kenneth Mautner. Atlas of ultrasound-guided musculoskeletal injections. ISBN 978-0-07-176967-9
  2. Eugene McNally. Practical Musculoskeletal Ultrasound. 2nd edition. ISBN 978-1-4557-7404-3

Støttelitteratur: Relevante vitskapelege artiklar

Kontakt

Kontaktinformasjon

UiB Videre

55 58 20 40 / videre@uib.no

 

Administrativ ansvarleg:
e-post: studie@igs.uib.no