Hjem
Studentsider
Masteremne

Forskingsmetodar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane oversyn over og innsyn i forskingsdesign samt forskingsmetodar. Emnet gjev også ei innføring i forskingsetikk, inklusive det å nytte kunnskapen i konkret forsking. Emnet har som mål å gjere studenten betre i stand til å ta forskingstrategiske avgjerder knytt til val av tema, forskingsspørsmål, design, metodar, etiske problemstillingar og analysetilnærmingar i psykologisk forsking.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan...

  • Kritisk drøfte sentrale kjenneteikn ved ulike forskingsparadigmer.
  • Gjere greie for val av forskingstema og problemstilling og deira betyding for design og metodar for datainnsamling.
  • Differensiere mellom ulike analysar og ha kjennskap til når dei kan og bør brukast.
  • Gjere greie for sentrale etiske foresetnader knytt til gjennomføringa av eit prosjekt.

Ferdigheiter

Studenten kan...

  • Velje forskingstema og utforme problemstillingar som kan undersøkjast ved forskingsmetodar.
  • Utforme eit undersøkingsopplegg som omfattar innsamling og tilverking av data.
  • Kunne bruke standard programvare for databehandling.
  • Velje og gjennomføre adekvate analysar av data.

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • Ta forskingsstrategiske avgjerder i psykologisk forsking.
  • Gjennomføre eit forskingsprosjekt i tråd med gjeldande etiske standardar og retningslinjer.
  • Reflektere over etiske dilemma og utfordringar i psykologisk forsking og det å vere etterretteleg i forsking.

Krav til forkunnskapar

Ingen krav ut over opptak på masterprogrammet i psykologi og masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i psykologi og masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og øvingar i PC-lab. Gruppearbeid og presentasjon innan tema studiedesign og forskingsetikk. Øvingar i analyse

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og øvingar i PC-lab.
Gruppearbeid og presentasjon innan tema studiedesign og forskingsetikk.
Øvingar i analyse

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Ein munnleg presentasjon av gruppeoppgåve og deltaking på heile presentasjonsdagen.
  • Det vil gjennom emnet bli gitt fleire korte obligatoriske fleirvalsprøver. På kvar prøve må  studenten må ha svart rett på minst 50 % av oppgåvene. Samla må studenten bestå 80 % av fleirvalsprøvene for å få godkjent den obligatoriske aktiviteten.
  • Innlevering av ei oppgåve for kvar lab-førelesing. Oppgåvene inneheld praktiske øvelser for dei statistiske analyseteknikkane som er behandla i lab-førelesingen.
  • Obligatorisk deltaking på førelesingar innan fordjuping i vald spesialisering.
  • Innlevering av ei individuell oppgåve, omfang omlag 1500 ord (innenfor vald spesialisering).

Vurderingsformer

Deltaking. Emnet er bestått når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomførte og godkjende.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon