Hjem
Studentsider
Masteremne

Forskingsperspektiv innanfor sosial- og kognitiv psykologi: Kultur, berekraft og turistopplevinga

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Nokre av dei store utfordringane i dagens samfunn går på korleis me som menneske stillar oss til endring, kompleksitet, risiko og globalisering. Sentralt for desse utfordringane er korleis menneska i samfunnet oppfattar og vurderer omverda. Emnet dekker psykologisk vitskap for to vide fagfelt med forskingsperspektiv innfor sosial- og kognitiv psykologi. Det eine fagfeltet vil ta for seg korleis faktorar som kultur, språk og forholdet mellom medvitne og umedvitne prosessar kan forme grunnleggjande kognitive prosessar som til dømes sjølvoppfatningar, haldningar og prosessar som å kategorisere, å løyse problem og ta avgjerder. Eit anna fagfelt vil ta for seg fenomen som turistars oppleving, risikopersepsjon, og berekraftig åtferd. I tillegg vil kandidaten fordjupa seg i empiriske og teoretiske spørsmål innan sosial- og kognitiv psykologi gjennom arbeid med enten forskingspraksis eller ei individuell emneoppgåve knytt til ei av instituttets forskargrupper.

Fagfeltet «vidaregåande kognitiv psykologi» gjev kandidatane innsikt i faktorar som verkar på grunnleggande kognitive fenomen, som persepsjon, å kategorisere, å tenke, å løyse problem, å ta avgjerder, å bruke intuisjon og metakognisjon.

Nærare bestemt vil kandidatane bli kjend med kultur, språk, og forholdet mellom medvitne og umedvitne prosessar som faktorar som kan forme kognisjon. Det vert nytta ei interdisiplinær tilnærming til både grunnleggande domene (som korleis me forstår tid, rom og årsaksforklaring), og korleis me handlar i meir komplekse situasjonar (som spørsmål om klimaendringar). Fagfeltet har dermed relevans for å forstå kognitive prosesser i samanheng med det moderne samfunnet, som mellom anna kjenneteiknas av endring og globalisering.

I fagfeltet «turistoppleving» blir turismen brukt som døme på ein empirisk arena for å studere psykologiske fenomen og teoriar. Emnet vil gje ei fordjuping av sosialpsykologiske og kognitive tilnærmingar til å forstå ulike aspekt på turistopplevingar, persepsjon av terrorrisiko, og miljøvennlig reiseåtferd. Emnet vil difor fokusere på turistane sine sjølvoppfatningar, haldningar, motiver, tankar, kjensler (emosjonar) og avgjerder. Emnet vil mellom anna også fokusere på korleis risikovurderingar og bekymringar tilknytt terrorangrep endrast over tid, og kvifor det kan oppstå ein diskrepans mellom folk sine haldningar til miljøet og individuell reiseåtferd. Å ha kjennskap til desse tema er svært viktige for å leggje til rette for berekraftig utvikling av turistnæringa, som bidrar til klimaendringar gjennom høye karbonutslepp. I tillegg vil tema også vere ein inngang til å forstå generelle trekk av menneskelig kognisjon og åtferd.

Kandidatane skal ha undervisningsaktivitetar knytt til ei av instituttet sine forskingsgrupper, i form av praksis i forskingsgruppa eller ved å skrive ei individuell emneoppgåve på eit av forskingsgruppa sine tema. Kandidatar som vel forskingspraksis skal ta del i nokre av forskargruppa sine aktiviteter. Dette kan innebere arbeid med design, innsamling og analyser av forskingsdata, å delta i utviklinga av vitskapelege manuskript, arrangere forskingsseminar eller skrive ei forskingsprosjektskisse. Arbeidsoppgåvene i praksis skal vere varierte og gje kandidatane innsikt i fleire sider ved forskingsprosessen. Ved fullført praksis skal kandidatane skrive eit kort notat som skildrar arbeidet. Kandidatar som vel emneoppgåve, kan velje enten fordjupe seg i eit tema foreslått av forskingsgruppa eller eit sjølvvalt tema (må godkjennast av forskingsgruppa). I arbeidet med emneoppgåva vil kandidatane få 2-3 timar individuell rettleiing, men også gje og få tilbakemeldingar av medstudentar.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten

  • forstår grunnlaget for å forske på sosialkognitive fenomen knytt til turistopplevinga og kulturell kognisjon
  • forstår og bruker forståingsrammer for kognitiv representasjon og handsaming, medvitne og umedvitne prosesser, og korleis kultur og språk verkar på menneskelig kognisjon
  • veit korleis psykologiske teoriar og metodar kan kaste lys over fenomenet turistoppleving, og forstå åtferda og haldningane hjå turistar
  • har kunnskap om individuelle og sosiale faktorar som påverkar sjølvoppfatningar, handlingar og åtferd
  • har kjennskap til metodar som blir brukt for å måle og kartleggje sosialkognitive fenomen
  • kjenner til forskingstema, forskingsprosjekta og metodiske tilnærmingar for si valde forskingsgruppe

Dugleik:

Studenten:

  • kan reflektere over forskingsproblem innanfor sosial- og kognitiv psykologi
  • kan utvikle og vurdere forskingsdesign for å belyse sosialkognitive fenomen
  • kan diskutere individuelle og sosiale faktorar som påverkar sjølvoppfatningar, haldningar og åtferd i spørsmål knytt til turisme og kultur
  • kan reflektere over og drøfte ulike perspektiv på turistopplevinga og kulturell kognisjon og vere i stand til å vurdere forskingsarbeid som er gjort på området
  • kan reflektere over og diskutere forskingsproblem, forskingsdesign og metodar i forskingsgruppa sitt vitskapelige felt

Generell kompetanse:

studenten:

  • kan bidra til nytenking innan forsking på menneskelig kognisjon
  • kan reflektere over og drøfte psykologiske teoriar for å kunne bidra til større berekraft i turistnæringa
  • kan identifisere og reflektere over psykologien sitt bidrag til turismeforskinga
  • kan søke etter, reflektere over og bruke forskingslitteratur innanfor forskingsgruppas tema, og kunne kommunisere om temaet
  • kan fungere som aktivt medlem i ei forskingsgruppe

Krav til forkunnskapar

Ingen krav ut over opptak på studieretninga

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar i eit omfang av omlag 45 timer

Seminara vil bestå av utdjuping og diskusjon av anbefalt litteratur

Kandidatar med forskingsgruppepraksis skal delta i dei aktiviteter som vert planlagt av forskingsgrupp

Kandidatar som skriv emneoppgåve skal delta i medstudentrettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levert emneoppgåve (maks 5000 ord) / notat frå forskingspraksis (maks 2000 ord)

Gjennomføre munnleg presentasjon av eigen emneoppgåve/forskingspraksis og delta på heile presentasjonsdagen

Vurderingsformer

5-dagars individuell heimeeksamen med rundt 4.000 ord i tråd med APA-standarden, og med enten halvanna eller dobbel linjeavstand. Mindre figurar og tabellar bør plasserast inne i teksten heller enn på slutten.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

I samband med forskingspraksis/emneoppgåve kan forskingsgruppene foreslå tilleggslitteratur som del av kandidatens arbeid i gruppa.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    27.03.2023, 09:00
    Innleveringsfrist
    31.03.2023, 15:00
    Trekkfrist
    13.03.2023
    Sensur kunngjøres
    21.04.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen