Hjem

Utdanning

Masteremne

Psykologiske perspektiv på kulturelt mangfald i samfunns- og arbeidsliv

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset fokuserer på psykologiske perspektiv for å forstå samhandling mellom individ med ulik etnisk/kulturell bakgrunn i samfunns- og organisasjonslivet. Eit særleg fokus vil vere problemstillingar som oppstår på arbeidsplassen og korleis leiingspraksis og organisasjonsarbeid kan tilpassast ein fleirkulturell kontekst.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten kunne¿:

  • Gjere greie for og analysere korleis omgrepet «kultur» vert forstått og operasjonalisert innanfor psykologien.
  • Gjere greie for sentrale modellar knytt til verdiar og akkulturasjon.
  • Gjere greie for sosialpsykologiske teoriar om intergrupperelasjonar, fordommar, stereotypiar og diskriminering.
  • Gjere greie for korleis kulturforskjellar kan kome til uttrykk i arbeidssituasjonen.
  • Gjere greie for korleis leiing og andre verkemiddel i organisasjonsarbeid kan knytast til kulturelle verdiar og tilpassast eit fleirkulturelt arbeidsliv.

Dugleik:

  • Analysere konfliktar knytt til kulturelt mangfald i arbeidslivet.
  • Vise korleis struktur og leiingspraksis i organisasjonar er forankra i kulturelle verdiar.
  • Analysere kulturelle faktorar knytt til organisasjons- og leiingsstudiar.

 

Generell kompetanse:

  • Identifisere og reflektere rundt psykologiske prosessar knytt til eit fleirkulturelt arbeidsliv og samfunn.
  • Kunne tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle sine kunnskapar og evner som psykologivitar i dette fagfeltet.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil bli gjeven i form av førelesingar i klasserom og lærarstyrte seminar i eit omfang på ca. 20 enkelttimar.

Gruppearbeid med munnleg presentasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeid og munnleg presentasjon.

Vurderingsformer

5-dagars individuell heimeeksamen (10 sider).

Karakterskala

A-F

Litteraturliste

Tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mi Side.

Den tilrådde litteraturen er samansett av omtrent 500 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi (ISP)

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:

Tlf: 5558 2710

E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    10.09.2018, 09:00
    Innleveringsfrist
    14.09.2018, 13:00
    Trekkfrist
    27.08.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen