Hjem
Utdanning
Masteremne

Behavioral Neuroscience 1: Biological Psychology

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMAPSYK319A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi kunnskap om biologiske prosessar som påverkar psykologiske funksjonar. Emnet skal formidle teori, empiri og anvendt kunnskap om strukturar og prosessarr, spesielt i sentralnervesystemet, som er relatert til åtferd og bevisstheit.

Innhald:

Studiet tar opp tema som gir ein innføring i biologiske føresetnadar og avgrensingar for utvikling av normal åtferd, samt samspelet mellom mentale og somatiske prosessar ved helse og sjukdom. Gjennom førelesingar og øvingar vil studentane bli kjent med hjernen og nervesystemet si utvikling, oppbygning og funksjon. Emnet gir ein innføring i nevrobiologisk og læringspsykologisk grunnlag for åtferd, emosjonar og kognisjon. I tillegg vil faktorar som kan påverke biologi og åtferd, som stress, søvn og smerte, bli vektlagt. Innføring i åtferdsgenetisk teori skal gi forståing for samspelet

mellom arv og miljø. Studentane vil få grunnleggande kunnskap om forskingsmetodar som anvendes innan biologisk psykologi, både gjennom førelesningar og laboratorieøvingar.

Tema 1: Basal biologisk psykologi: teori og øvingar

 

  • Laboratorieøvingar i psykofysiologi med kurs i registreringsteknikkar av fysiologisk aktivitet regulert av det autonome nervesystem
  • Laboratorieøvingar i fysiologisk psykologi, lærings- og åtferdsteori
  • Hjernedisseksjon

Tema 2: Medisinsk helsepsykologi

 

  • Helseåtferd, psykosomatiske lidingar og subjektive helseplagar
  • Traumatisk stress
  • Stress og meistring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten gjere greie for:

  • Det nevrobiologiske og læringspsykologiske grunnlaget for emosjonar og kognisjon.
  • Utvikling og strukturell/funksjonell organisering av nervesystemet.
  • Biologiske føresetnadar for normal åtferd og psykopatologi
  • Interaksjonen mellom arv og miljø.
  • Samspill mellom åtferd, hormon og immunforsvar, samt reproduksjon
  • Korleis faktorar som stress, søvn og smerte verker inn på helseåtferd, psykosomatiske tilstander/lidingar og subjektive helseplagar
  • Teoretisk kunnskap og behandling av subjektive helseplagar
  • Grunnleggjande metodiske tilnærmingar innan psykofysiologi og nevrovitskap, samt åtferdsforsking på dyr
  • Etiske retningsliner for bruk av dyr i forsking

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten:

  • Vise ved bruk av elektroniske hjerneatlas lokaliseringa av sentrale hjernestrukturar
  • Planleggje og gjennomføre enkle eksperiment med registrering av psykofysiologiske mål
  • Analysere og stille seg kritisk til teoriar, metodar og forskingsresultat innan biologisk psykologi
  • Integrere og anvende kunnskap frå biologisk psykologi på områder innan psykologisk forsking og praksis.
  • Vise lokaliseringa av sentrale hjernestrukturar ved bruk av elektroniske hjerneatlas
  • Skildre og presentere eksperiment, resultat og konklusjonar i den forma som blir forventa i ein vitskapleg framsyning eller artikkel.

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten:

  • Vise forståing for retningsliner for handtering av anatomiske preparat
  • Reflektere over etiske aspektar ved handtering av forsøkspersonar- og dyr i ei laboratoriesituasjon
  • Reflektere over samspelet mellom biologi, miljø og åtferd
  • Kommunisere og bidra til fagleg nytenking om kunnskap frå biologisk psykologi.

Krav til forkunnskapar

Kurs i biologisk psykologi tilsvarande Biologisk psykologi (5 stp) i PSYK 101 på årsstudiet i Bergen. Studentar som skal arbeide med dyr i masteroppgåva si, må ha kurs i handtering av forsøksdyr tilsvarande MEDVET1, som blir gjeve for masterstudentar ved MOF.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi. Emnet har eit avgrensa tal på plassar og har undervisningsopptak.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar (60), seminar, laboratorieøvingar og demonstrasjonar (21), totalt 81 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Eit refleksjonsnotat om og deltakelse i laboratorieøvingar i fysiologisk psykologi. Må godkjennast av lærar.
  • Eit refleksjonsnotat om og deltakelse i laboratorieøvingar i psykofysiologi med demonstrasjonar i registreringsteknikkar for fysiologisk aktivitet regulert av det autonome nervesyst. Må godkjennast av lærar.
  • Fleirvalsoppgåve innan grunnleggjande nevrobiologi (neuroanatomi, neurofysiologi, genetikk, endokrinologi, immunologi).
  • Ein oppgåve om utvalde nevrobiologiske tema. Må godkjennast av lærar. Presentasjon av oppgåve i seminar. Må godkjennast av lærar.
  • Eit refleksjonsnotat om og deltakelse i hjernedisseksjon. Må godkjennast av lærar.
  • Presentasjon av oppgåve i åtferdspsykologi

Dei obligatoriske arbeidskrava skal vurderast som godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Vurderinga består av digital skuleeksamen. Eksamen varer i tre timar og blir gjennomført som essayoppgåve.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/Institutt for Biologisk og Medisinsk Psykologi

Institutt

Institutt for bilologisk og medisinsk psykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    29.08.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    25.08.2019
    Sensur kunngjøres
    16.09.2019
    Andre opplysninger
    NB! Tidlig oppmeldingsfrist: 24.8.19. Trekkfrist: 25.8.19.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted