Hjem

Utdanning

Masteremne

Kognitiv nevrovitskap

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje inngåande kunnskap om samanhengen mellom kognitive prosessar og funksjonane i hjernen. Emnet skal formidle avansert kunnskap om strukturane, funksjonane og dei forskjellige funksjonelle nettverka i hjernen, inklusive minne, språk, merksemd og persepsjon, samt aktuelle teoretiske modeller. I denne samanhengen får studentane inngåande kunnskap om aktuelle nevrovitskaplege metodar og utviklar ferdigheter som dei kan anvende på nye problemstillingar. Studiet tar opp følgende temaer: kognitive funksjonar som auditorisk persepsjon, språk, hugseevne, eksekutivfunksjonar og merksemd, samt aktuelle teoretiske modeller og nevroanatomisk grunnlag; nevroanatomisk lokalisering av funksjonelle nettverk; nevrovitskaplege metodar for å studere menneskehjernen i teori og praksis (funksjonell magnetresonanstomografi, hjernestimulering, elektroensefalografi og hendingsrelaterte potensial), forstyrring av kognitive funksjonar ved psykopatologi og etiske krav ved forsking på menneskehjernen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan...

  • metodiske tilnærmingar innan aktuelle nevrovitskaplege metodar som EEG/ERP, hjernestimlering og fMRI.
  • gje ein inngåande oversikt over teoretiske modeller og nevrale nettverk som er relevante for hukommelse, eksekutive funksjoner, merksemd, persepsjon, språk.
  • vise kvar desse funksjonane er lokalisert korleis dei er lateraliserte.
  • forklare korleis ein hjerneskade eller psykiatrisk sjukdom kan forstyrre disse funksjonane.

Ferdigheiter

Studenten har...

  • sjølvstendig planleggjing, gjennomføring og analysering av enkle nevrovitskaplege eksperiment ved bruk av aktuelle nevrovitskaplege metodar.
  • evne til å skildre og presentere eksperiment, resultat og konklusjonar i den forma som blir forventa i ein vitskapleg presentasjon eller artikkel.
  • evne til å kritisk analysere vitskapleg litteratur i kognitiv nevrovitskap.

 

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • reflektere over forskningsetiske aspekter ved forsking på menneskehjernen med omsyn til handsaming av forsøkspersoner, gjennomføring av eksperiment, samt etiske forhold ved publisering av resultater.
  • formidle aktuelle momenter i kognitiv nevrovitskap.
  • anvende sine kunnskapar og ferdigheitar i kontekst av forskingsprosjekt i kognitiv nevrovitskap.

Krav til forkunnskapar

Kurs i biologisk psykologi tilsvarande Biologisk psykologi (5 stp) i PSYK 101 på årsstudiet i Bergen.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi. Emnet har eit avgrensa tal på plassar og har undervisningsopptak.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar, laboratorieøvingar og demonstrasjonar, totalt 64 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • To prosjektrapportar knytt til laboratorieøvingar.
  • Ei oppgåve om utvalde nevrobiologiske tema.
  • Presentasjon av oppgåve i seminar.

Dei obligatoriske arbeidskrava må godkjennast av lærar før studenten får ta eksamen.

Vurderingsformer

Vurderinga består av digital skuleeksamen. Eksamen varer i 3 timar og blir gjennomført som essayoppgåve.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    17.12.2018, 15:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    03.12.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen