Leiar-, team og organisasjonsutvikling
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMAPSYK321
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Med utgangspunkt i tonegjevande teoriar og metodar skal studentane oppnå forskingsbasert kompetanse i kva for faktorar som bør vektleggjast for å utvikle leiarar, grupper og organisasjonar. Føremålet er å gje studentane eit grunnlag for kritisk refleksjon kring relevante teoretiske perspektiv og modellar, empirien i fagfeltet, samt bruksretta metodar for leiar-, team- og organisasjonsutvikling. Vidare er det eit siktemål at studentane skal tileigne seg brei kunnskap om korleis leiings-, leiar-, team-, og organisasjonsutvikling som fagfelt har utvikla seg nasjonalt og internasjonalt.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Ved fullført emne skal kandidaten ha:
- Inngåande kunnskap om sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
- Forskingsbasert kunnskap om dei mest sentrale metodane for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
- Inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til utvikling av leiarar, team og organisasjonar
- Kunnskap om sentrale trekk ved utviklinga av fagfelta leiings-, leiar- team- og organisasjonsutvikling i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Dugleik:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
- Reflektere over og drøfte sentrale metodar for utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
- Nytte sentrale metodar innan utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
- Nytte kunnskap om samanhengen mellom organisasjonsdiagnose og aktuelle OU-metodar.
- Reflektere over og drøfte sentrale moment i utviklinga av fagfelta leiings-, leiar-, team og organisasjonsutvikling, nasjonalt og internasjonalt.
Generell kompetanse:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar knytt til utvikling av leiarar, team og organisasjonar.
- Tileigne seg forskingsbasert kompetanse som gjeld det å utvikle leiing, leiarar, team og organisasjonar, og korleis slik utvikling best kan tilretteleggjast.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gjeven i form av fem samlingar á 2 dagar med førelesingar, diskusjonar, gruppeøvingar og studentpresentasjonar, samt eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga blir gjeven i form av fem samlingar á 2 dagar med førelesingar, diskusjonar, gruppeøvingar og studentpresentasjonar, samt eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i undervisning og aktiviteter parvis og i grupper mellom samlingane.
Det skal skrivast to arbeid der eit skriftleg arbeid er individuelt og eit skal skrivast saman med ein medstudent.
Studentane skal lese og gje tilbakemelding på to slike oppgaver som er skrive av to andre studentpar. (Til saman 6 personer i gruppene). Deltaking i denne gruppeaktiviteten er obligatorisk.
Godkjent/ Ikkje godkjent på dei to skriftlege arbeida.
Vurderingsformer
Skuleeksamen (4 timar). Studenten skal svare på 2 av 3 oppgåver.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Tilrådd litteratur skal vere klar 1. juni i haustssemesteret og 1. desember i vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Dato
- 09.02.2022, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 02.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen