Hjem

Utdanning

Masteremne

Team- og arbeidsmiljøutvikling

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Med utgangspunkt i leiande organisasjonspsykologiske teoriar, modellar og metodar skal studentane oppnå inngåande forskingsbasert kunnskap, evner og kompetanse i det å analysere, utforme, kartleggje og utvikle grupper, team og arbeidsmiljø i samsvar med etiske standardar og norsk lovverk.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ved fullført emne skal kandidaten ha:

  • Avansert forskingsbasert kunnskap om sentrale teoriar og modellar for forståing, analyse, kartlegging, utforming og utvikling av grupper, team og arbeidsmiljø.
  • Inngåande kunnskap om dei sentrale bruksretta metodane for utforming, etablering, kartlegging og utvikling av grupper, team og arbeidsmiljø.
  • Kjennskap til viktige føringar i norske lovverk for organisasjonspsykologisk praksis knytt til arbeidsmiljøarbeid.

Dugleik:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar for etablering, kartlegging og utvikling av grupper, team og arbeidsmiljø.
  • Reflektere over og drøfte sentrale metodar for utforming, etablering, kartlegging og utvikling av grupper, team og arbeidsmiljø.
  • Nytte sentrale metodar innan kartlegging og utvikling av grupper og team.
  • Nytte sentrale metodar for arbeidsmiljøarbeid innan eit førebyggjande, eit utviklingsorientert og eit gjenopprettande perspektiv, både på gruppe- og individnivået.
  • Planleggje og gjennomføre kartlegging med sikte på å designe og gjennomføre adekvate utviklingsprogram.

Generell kompetanse:

Ved fullført emne skal kandidaten:

  • Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar knytt til utvikling av grupper, team og arbeidsmiljø basert på organisasjonspsykologisk teori og forsking.
  • Kunne tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle sine kunnskapar og evner som psykologivitar i dette fagfeltet.
  • Ha forskingsbasert kompetanse kring det å forstå, analysere, utforme, kartleggje og utvikle grupper, team og arbeidsmiljø, og korleis slikt arbeid best kan tilretteleggjast, i tråd med fagetiske standardar og norsk lovverk.

Krav til forkunnskapar

PSYK110 og PSYK200 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gjeven i form av fem samlingar á 2 dagar med førelesingar, diskusjonar, gruppeøvingar og studentpresentasjonar, samt eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i undervisning og eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.

Det vert krevd minimum 80% deltaking i undervisninga.

Utarbeidinga av eitt skriftleg arbeid som kan skrivast saman med medstudent. Godkjent/ Ikkje godkjent på dette skriftleg arbeid.

Vurderingsformer

Heimeeksamen 8 dagar.

Karakterskala

Bokstavkarakterskala A-F på heimeeksamen.

Litteraturliste

Tilrådd litteratur, sjå nettsider under Mi Side

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:
Tlf: 5558 2710
E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    26.09.2018, 09:00
    Innleveringsfrist
    05.10.2018, 12:00
    Trekkfrist
    12.09.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen