Hjem
Studentsider
Masteremne

Arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen  

Mål og innhald

Med utgangspunkt i leiande arbeids- og organisasjonspsykologiske perspektiv, teoriar, modellar og metodar skal studentane oppnå inngåande forskingsbasert kunnskap, evner og kompetanse i det å analysere, utforme, kartleggje og utvikle arbeidsmiljø i samsvar med etiske standardar og norsk lovverk. I dette inngår også inngående kunnskap om metodar for analyse og handtering av konflikter i arbeidsmiljøet og førebyggjande arbeidsmiljøarbeid. I kurset lærer studentane både utviklende, førebyggjande og gjenopprettande perspektiv i arbeidsmiljøarbeidet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ved fullført emne skal kandidaten ha:

  • Avansert forskingsbasert kunnskap om sentrale teoriar og modellar for forståing, analyse, kartlegging, utforming og utvikling av arbeidsmiljø og konfliktar, både på gruppe og individnivå.
  • Inngåande forskningsbasert kunnskap om det utviklande, førebyggjande og gjenopprettande perspektivet innan arbeidsmiljøarbeid
  • Inngående forskningsbasert kunnskap om metodar for å handtere konfliktar i arbeidsmiljøet
  • Kjennskap til viktige føringar i norske lovverk for arbeids- og organisasjonspsykologisk praksis knytt til arbeidsmiljøarbeid.

Dugleik:

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Reflektere over og drøfte sentrale perspektiv, teoriar og modellar for kartlegging og arbeid med å forbetre arbeidsmiljøtilhøve, herunder handtering av konfliktar i arbeidsmiljøet.
  • Nytte sentrale metodar innan kartlegging og håndtering av konfliktar i arbeidsmiljøet
  • Nytte sentrale metodar for arbeidsmiljøarbeid innan eit førebyggjande, eit utviklingsorientert og eit gjenopprettande perspektiv, både på organisajons-, gruppe- og individnivået.
  • Planleggje og gjennomføre kartlegging med sikte på å designe og gjennomføre adekvate intervensjonar og tiltak retta mot eit betre arbeidsmiljø.

Generell kompetanse:

Ved fullført emne skal kandidaten:

  • Identifisere og reflektere over sentrale problemstillingar knytt til arbeidsmiljøarbeid og konflikthåndtering basert på arbeids- og organisasjonspsykologisk teori og forsking.
  • Kunne tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle sine kunnskapar og evner som psykologivitar i dette fagfeltet.
  • Ha forskingsbasert kompetanse kring det å forstå, analysere, utforme, kartleggje og utvikle arbeidsmiljø, og korleis slikt arbeid best kan tilretteleggjast, i tråd med fagetiske standardar og norsk lovverk.

Krav til forkunnskapar

PSYK110 og PSYK200 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gjeven i form av fem samlingar á 2 dagar med førelesingar, diskusjonar, gruppeøvingar og studentpresentasjonar, samt eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gjeven i form av fem samlingar á 2 dagar med førelesingar, diskusjonar, gruppeøvingar og studentpresentasjonar, samt eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i undervisning og eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.

Det vert krevd minimum 80% deltaking i undervisninga.

Utarbeidinga av eitt skriftleg arbeid som kan skrivast saman med medstudent. Godkjent/ Ikkje godkjent på dette skriftleg arbeid.

Vurderingsformer

Heimeeksamen 8 dagar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    04.10.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    12.10.2021, 13:00
    Trekkfrist
    20.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen