Masteroppgåve i psykologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Arbeid med masteroppgåva skal gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit spesialisert fagfelt. Arbeidet skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskaplege metodar. Studentar som skriv ei 30 sp masteroppgåve vert oppmoda til å nytte eksisterande data frå forskingsgruppa si verksemd. Oppgåva skal ha ei skriftleg framstilling i tråd med gjeldande standard for vitskapeleg forskingsformidling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan...

  • analysere forholdet mellom tema, forskingsspørsmål og forskingsdesign.
  • grunngje val av forskingsdesign gitt problemstillingar, vitkskaplege krav og ressursar
  • demonstrere breidd og fordjuping i kunnskapar innanfor temaområdet.

Ferdigheitar

Studenten kan...

  • gjennomføre ein vitskapeleg analyse av kvalitative data, kvantitative data eller forskingslitteratur.
  • gje ei klar og presis skriftleg framstilling av forskingsarbeidet.
  • vurdere og grunngje bruk av forskingsdesign.
  • vite kva konklusjonar som kan trekkjast frå analysen
  • meistre å utforme ein akademisk tekst i samsvar med APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar.

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • reflektere over forskarrolla i innsamling og bruk av data.
  • reflektere over etiske forhold rundt bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitat.
  • reflektere over forfattarskap og medforfattarskap i vitskapleg arbeid.

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust eller vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Studentar skal ha stått på minst 45 studiepoeng (inkludert forskingsmetode) frå første år av masterprogrammet før dei tar til med masteroppgåvearbeidet.

Studenten skal ha stått på eksamen i fellesemna og fordjupingsemna på studieretninga før innlevering av masteroppgåva.

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi, studieretning sosial- og kognitiv psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer

Det vil bli gitt eit eige dokument som beskriv forventa format for masteroppgåve. Oppgåve kan skrivast på norsk eller engelsk, og skal ha eit samandrag på begge språk (på om lag 200 ord). Masteroppgåva skal skrivast i tråd med APA-standarden, med enten halvanna eller dobbel linjeavstand og med figurar og tabellar inne i teksten heller enn på slutten. Lengda på oppgåva skal være på mellom 12.000 og 16.000 ord (forord, samandrag, referanseliste og appendiks kjem i tillegg). Lengda på oppgåva kan vere kortare om alt det naudsynte er dekka. Oppgåva skal ha ein breiare gjennomgang av litteraturen og ein meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar, og meir inngåande diskusjon enn det som er vanlig for ein vitskapleg artikkel.

Om samarbeid i masteroppgåvearbeid: Som hovudregel skal studentane skrive masteroppgåve parvis, men indivduell skriving er mogleg. Ved parvis skriving vert det forventa at forfattarane skal medverke med likeverdig innsats i arbeidet, og at dei deltek på rettleiingsmøter og følgjer planer om studentsamarbeid. Oppgåver som er skrivne individuelt har same krav til lengde som dei som er skrivne parvis. I vurdering av oppgåva vil sensor ta omsyn til om arbeidet er gjort av ein eller to studentar. Det skal ved innlevering av masteroppgåva leverast eit skjema med "erklæring av eigenarbeid i masteroppgåvearbeidet", signert av både studentar og rettleiar.

Undervisningsform: Det blir gitt eit felles orienteringsmøte for MAPSYK330 og MAPSYK360 i start av haustsemesteret. Studentane på MAPSYK330 oppmodast om å følgje dei seminara som gis på MAPSYK360 i haust og vårsemesteret.

Rettleiing: Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale. Delar av rettleiinga kan bli gitt i grupper. Frist for å levere rettleiarkontrakt blir informert om i orienteringsmøter og i MittUiB. Dei som får innvilga ønskje om 30 sp masteroppgåve og skal på utreise, må inngå rettleiaravtale og få godkjenning av plan for arbeidet av rettleiaren.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det må skrivast ei rettleiingskontrakt med mellom student og rettleiar. Fristar kjem i mittuib.
Vurderingsformer

Masteroppgåve i tråd med APA-standarden, med enten halvanna eller dobbel linjeavstand og med figurar og tabellar inne i teksten heller enn på slutten. Lengda på oppgåva skal være på mellom 12.000 og 16.000 ord (forord, samandrag, referanseliste og appendiks kjem i tillegg).

Sensor skal ta omsyn til grad av eigenarbeid og samarbeid med medstudentar i vurderinga av oppgåva. Masteroppgåva vil bli vurdert ut frå vitskapelege krav og grad av sjølvstendig arbeid. Masteroppgåva får ein felles karakter sjølv om to studentar skriv oppgåve saman.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Ikkje aktuelt
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet