Menneskelege faktorar i kritiske situasjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet tek for seg eit vidt bruksretta felt innan sosial- og kognitiv psykologi: «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar». Dette fagfeltet har relevans for samfunnet sine utfordringar knytt til samfunnssikkerheit og beredskap, i situasjonar der liv, helse eller grunnleggjande verdiar er truga. Emnet har fokus på individuelle, teambaserte og kontekstuelle forhold som vil kunne påverke individ, samhandling og yteevne i situasjonar som går føre seg under risikofylte og komplekse føresetnader. Undervisninga vil ta utgangspunkt i problemstillingar knytt til sikkerheit, risiko og HMS i samfunnsområde som offshore, maritim næring, helsevesen og operative settingar som politi, militæret og beredskap.

Ein del tema frå tidlegare perspektivemner i psykologi vil bli tatt opp igjen, og det vil bli vist til ein del tema som også er relevant for andre fordjupingsemner og til sosial- og kognitiv vitskap generelt, som persepsjon og forståing, mentale modeller, gruppedynamikk og leiing.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om dei kognitive, sosiale og organisatoriske faktorar som verkar på menneskeleg åtferd i kritiske situasjonar
  • har inngåande kunnskap om kommunikasjon og samhandling i operative lag, medrekna situasjonsmedvit, delte mentale modellar og leiing av operative einingar
  • har kunnskap om korleis aspekt ved menneskelege faktorar og kritiske hendingar verkar inn på seleksjon, trening, og oppfølging av personell etter hendingar

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere faglege problemstillingar og forskingsspørsmål knytt til menneskelege faktorar i kritiske situasjonar
  • kan analysere og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere fagleg baserte resonnement knytt til menneskelege faktorar i kritiske situasjonar
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor felta «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar», og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing knytt til desse fagområda
  • kan analysere i kva grad eit planlagt eller eksisterande arbeidsmiljø, rolle eller situasjon tek omsyn til «menneskelege faktorar»
  • kan analysere korleis «menneskelege faktorar» innan individuell yteevne, samarbeid eller leiing kan ha bidrege til å forårsake ein observert uønskt hending
  • kan reflektere over og drøfte kva for utfordringar ein leiar står overfor under planlegging, gjennomføring og avslutning av operative innsatsar

Generell kompetanse.

Studenten:

  • kan fungere i ei arbeidsrolle knytt til «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar» på ein måte som kombinerer kjennskap med dette fagfeltet med kunnskap og kompetanse frå generell psykologi
  • kan formidle frå eige sjølvstendig arbeid knytt til felta «menneskelege faktorar i kritiske situasjonar»

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen krav ut over opptak på studieprogrammet
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
  • Undervisinga vil bli gjeven i form av førelesingar og seminar
  • Bedriftsbesøk hjå ei operativ eining
  • Seminar med utdjuping og diskusjon av anbefalt litteratur
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Delta på organisert besøk i operativt miljø
    Vurderingsformer
    Innlevert essay-oppåve på eit oppgitt tema (gjerne med utgangspunkt i bedriftsbesøk). Teksten skal være på rundt 4.000 ord (+/- 10%), og formatert i tråd med APA-standarden, med enten halvanna eller dobbel linjeavstand. Mindre figurar og tabellar bør plasserast inne i teksten heller enn på slutten.
    Karakterskala
    Bestått /Ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Emneansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Administrativt ansvarleg

    Det psykologiske fakultet