Kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet tek for seg viktige sider ved kulturelt mangfald i samfunnet frå eit psykologisk perspektiv. Emnet startar med ein introduksjon til kulturomgrepet og forhaldet mellom kultur og menneske sine tankar og åtferd. Deretter tek emnet opp psykologiske sider ved migrasjon, som til dømes akkulturasjon, identitet, og haldningar til innvandring. Som anvendte områder vil emnet gå inn på flyktningehelse og tilpassing av tenester for utsette grupper, og kulturelt mangfald i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

  • Har inngåande kjennskap om kultur frå eit psykologisk perspektiv
  • Har kunnskap om korleis migrasjon kan påverke helse, identitet, og tilpassing.
  • kan analysere faglege problemstillingar knytt til kulturelt mangfald i arbeidslivet og andre områder i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan analysere mellommenneskelege situasjonar, for eksempel i helseteneste og arbeidslivet, med utgangspunkt i vitskapeleg kunnskap om migrasjon og kultur.
  • kan analysere og stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement innan feltet kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv.
  • Kan vurdere korleis kultur og migrasjonserfaringar kan påverke helse og helseåtferd og utfordringar knytt til utforming av helsetenester.

¿

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere relevante fag- og forskingsetiske problemstillingar knytt til kulturelt mangfald og migrasjon.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor fagområdet, både med fagutdanna og allmenta.
  • kan reflektere over andre menneskers oppleving av kulturelt mangfold i lys av forskningsbasert kunnskap.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen krav ut over opptak på masterprogrammet.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga vil bli gjeven i form av førelesingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Det krevjast minimum 80% oppmøte på forelesingar
  • Eit refleksjonsnotat (500-1000 ord)
  • Skriftleg fagfellervurdering av 2 medstudentars refleksjonsnotat
  • Vurderingsformer
    Emnet er bestått når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomførte og godkjende.
    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Emneansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet