Forskingspraksis 1

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal ha undervisningsaktiviteter knytt til ei av instituttet sine forskingsgrupper, i form av praksis (hospitering) i forskingsgruppa. Ein skal da ta del i nokre av forskargruppa sine aktivitetar, og får planlagt ulike oppgåver ein skal gjere. Dette kan innebere arbeid med design, innsamling av data og analyser av forskingsdata, å delta i utviklinga av vitskapelege manuskript, populærvitskapleg formidling, arrangere eit forskingsseminar eller skrive ei forskingsprosjektskisse. Arbeidsoppgåvene skal vere varierte og gje kandidatane innsikt i fleire sider ved forskingsprosessen. Ved fullført praksis skal studentane skrive eit kort notat som skildrar arbeidet.

Ein kan også søke om å få å jobbe med individuelt sjølvstudium (skal avtalast med forskingsgruppe på forhand). Ein vil da fordjupe seg i eit tema foreslått av forskingsgruppa eller i eit sjølvvalt tema (må godkjennast). Studentane kan få foreskreve ei litteraturliste, eller bli bedt om å finne litteratur sjølv innan visse rammer.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

  • kjenner til forskingstema, forskingsprosjekta og metodiske tilnærmingar for si valde forskingsgruppe
  • har fordjupa seg i eit spesifikt psykologifagleg område, inkludert teoretiske og metodologiske aspekt ved forskinga på området

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan reflektere over og diskutere forskingsproblem, forskingsdesign og metodar i forskingsgruppa sitt vitskapelege felt
  • kjenne til nokre av dei metodane som er i bruk i si valde forskingsgruppe

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan søke etter, reflektere over og bruke forskingslitteratur
  • kan fungere som aktivt medlem i ei forskingsgruppe
  • kan formidle om forskingsprosess og forskingsresultat munnleg og skriftleg

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen krav ut over opptak på studieprogrammet
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Kandidatar med forskargruppepraksis skal delta i dei aktivitetar som vert planlagt av forskingsgruppa.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • levere notat frå forskingspraksis (maks 2.000 ord), eller rapport frå sjølvstudium (maks 5.000 ord, referansar ikkje rekna med)
  • gjennomføre munnleg presentasjon av eigen forskingspraksis (eller sjølvstudium) og delta på heile presentasjonsdagen
  • Vurderingsformer
    Emnet er bestått når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomførte og godkjende.
    Karakterskala
    Bestått/Ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste

    Litteratur avklarast i samråd med forskingsgruppe.


    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje aktuelt
    Programansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Emneansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Administrativt ansvarleg

    Det psykologiske fakultet