Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i psykologi

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMAPSYK360
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk/engelsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master  

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Arbeid med masteroppgåva skal gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit avgrensa område. Oppgåva skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskapelege metodar. Det skal gis ei skriftleg framstilling i tråd med gjeldande standard for vitskapeleg forskingsformidling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne har følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan...

  • analysere forholdet mellom tema, forskingsspørsmål og forskingsdesign.
  • grunngje val av forskingsdesign gitt problemstillingar og rammefaktorar som tid og økonomi.
  • demonstrere breidd og fordjuping i kunnskapar innanfor temaområdet i prosjektet.

Ferdigheitar

Studenten kan...

  • utvikle, planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt, samt formidle resultat frå prosjektet.
  • gje ei klar og presis skriftleg framstilling av forskingsarbeidet.
  • vurdere og grunngje bruk av forskingsdesign.
  • vite kva konklusjonar som kan trekkjast frå analaysen
  • meistre å utforme ein akademisk tekst i samsvar med APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar.

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • reflektere over forskarrolla i innsamling og bruk av data.
  • reflektere over etiske forhold i høve til bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitering.
  • reflektere over forfattarskap og medforfattarskap i vitskapleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Studenten skal ha stått på eksamen i fellesemna og fordjupningsemna på studieretningane før innlevering av masteroppgåva.

Studentar på studieretninga "åtferd- og nevrovitskap" som skal jobbe med forsøksdyr, må ta kurs i forsøksdyrlære tilsvarande LAS301 og LAS302 i løpet av studieløpet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av tre element:

  • Prosjektskisse på mellom 3000 og 4000 ord
  • Masteroppgåve (i enten oppgåveformat eller artikkelformat, sjå under)
  • Formidlingsdel i form ein vitskapleg presentasjon av eige prosjekt på avslutningskonferansen for masterstudiet.

Det vil bli gitt eit eige dokument som beskriv forventa format for prosjektskisse og masteroppgåve. Prosjektskisse og masteroppgåve kan skrivast på norsk eller engelsk, og masteroppgåva skal ha sammendrag på begge språk (på om lag 200 ord).

Masteroppgåve i oppgåveformat: Lengden på oppgåva skal være på mellom 16000 og 20000 ord (forord, samandrag, referanseliste og appendiks vert ikkje talt). Lengda kan vere kortare om alt det naudsynte er dekka. Oppgåva skal ha ei breiare gjennomgang av litteraturen, meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar, og meir inngåande diskusjon enn det som er vanlig for ein vitskapleg artikkel. Studentane avtalar med rettleiar korleis og kor ofte dei skal få rettleiing i løpet av dei to semestera, og leverer ei endeleg oppgåve innan tidsfristen mot slutten av arbeidet sitt andre semester. 

Masteroppgåve i artikkelformat: Masteroppgåva består av eit artikkelmanuskript og ei «kappe». Samla lengde for desse to skal vere mellom 12.000 og 16.000 ord, avhengig av krav til tidsskrifta det siktast på (forord, samandrag, referanseliste og appendiks vert ikkje talt). Artikkelmanuskriptet skal skrivast på same måte som eit empirisk eller teoretisk manuskript som vert sendt inn til publikasjon i eit vitskapleg tidsskrift, og skal følgje lengdekrava til dette tidsskriftet. I kappa skal det stå kva for tidsskrift ein ser for seg at manuskriptet kunne blitt sendt til, og ei grunngjeving for dette. Kappa bør også innehalde ei grundigare teoretisk gjennomgang og diskusjon av artikkelens potensielle bidrag i forskingslitteraturen enn det som det er plass til i artikkelmanuskriptet.

Rettleiar skal fungere som fagfelle for arbeidet med artikkelmanuskriptet. Dette inneber at rettleiar skal hjelpe studentane å komme i gong med arbeidet, men skal i starten være lite involvert i å rettleie den faktiske skrivinga. Midtveis i det andre semesteret av arbeidet skal studentane sende inn eit utkast av oppgåve til rettleiar som så skal fagfellevurdere utkastet. Innan ei avtalt tidsfrist (fortrinnsvis to veker) skal rettleiar gje tilbakemelding som liknar ein detaljert skriftleg fagfellevurdering. Studentane jobbar så igjen sjølvstendig med å integrere denne vurderinga inn i den endelege oppgåva som leverast til sensur. Om studentar og rettleiar ønsker å etterpå sende arbeidet inn vitskapleg artikkel, så må rettleiar sine ytterlegare bidrag til skrivinga komme etter at oppgåva er levert inn til sensur. Ei masteroppgåve skreve i artikkelformat vil bli evaluert ut frå om den lev opp til forventningane for eit manuskript som blir sendt inn til det aktuelle tidsskriftet. Artikkelmanuset vil derfor være kortare i lengde, men sensuren bør kunne forvente at det er lagt meir arbeid inn i å få eit klart fokus rundt ei konkret problemstilling, og eit presist og konsist vitskapleg språk.

Både i studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" og "åtferd- og nevrovitskap" skal masteroppgåva som hovudregel skrivast individuelt, men parvis skriving er mogleg. Ved parvis skriving vert det forventa at forfattarane skal medverke med likeverdig innsats i arbeidet. Det skal ved innlevering av masteroppgåva leverast eit skjema med "erklæring av eigenarbeid i masteroppgåvearbeidet", signert av både kandidatar og rettleiar.

Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale. Delar av rettleiinga kan bli gitt i grupper. Frist for levere rettleiarkontrakt vil bli gitt på orienteringsmøter og i MittUiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Prosjektskisse: Studentane skal under rettleiing skrive ein prosjektplan for masteroppgåva på inntil 10 sider (mellom 3000 og 4000 ord). Prosjektskisse skal gjere greie for prosjektet sitt temaområde, problemstilling, metode, datahandsaming eller analyseform, forskingsetiske vurderingar og ei tidsramme for arbeidet med masteroppgåva. Om studentane skriv ei preregistrering av datainnsamling og analyse, så kan prosjektskissa vere kortare og ha denne som vedlegg.

Frist for å levere prosjektskisse vil bli gitt på orienteringsmøter og på MittUiB. Prosjektplanen blir vurdert som godkjend / ikkje godkjend av emneansvarleg i samråd med rettleiar.

  • Formidling: Studentane skal gjennomføre ein vitskapleg presentasjon av eige prosjekt i form av eit innlegg over 15-30 min. på avslutningskonferansen for masterstudiet. Presentasjonen skal vere i form av ein munnleg framføring.

Vurderingsformer

Masteroppgåva blir vurdert av ein komité på to fagpersonar, éin skal vere ekstern og éin intern. Karakter vert fastsett på grunnlag av det skriftlege arbeidet. Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F. På den skriftlege masteroppgåva blir det sett ein felles karakter for kandidatar som skriv oppgåve saman. 

Prosjektskisse skal leveres i MittUiB og masteroppgåva på StudentWeb innen de oppgitte tidsfristene.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Tilrådd litteratur, sjå nettsider under MittUiB.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon