Masteroppgåve i psykologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Arbeid med masteroppgåva skal gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit spesialisert fagfelt. Arbeidet skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskapelege metodar. Oppgåva skal ha ei skriftleg framstilling i tråd med gjeldande standard for vitskapeleg forskingsformidling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan...

  • analysere forholdet mellom tema, forskingsspørsmål og forskingsdesign.
  • grunngje val av forskingsdesign gitt problemstillingar, vitskaplege krav og ressursar.
  • demonstrere breidd og fordjuping i kunnskapar innanfor temaområdet i prosjektet.

 

Ferdigheitar

Studenten kan...

  • utvikle, planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt, samt formidle resultat frå prosjektet.
  • gje ei klar og presis skriftleg framstilling av forskingsarbeidet.
  • vurdere og grunngje bruk av forskingsdesign.
  • vite kva konklusjonar som kan trekkjast frå analysen
  • meistre å utforme ein akademisk tekst i samsvar med APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar.

 

Generell kompetanse

Studenten kan...

  • reflektere over forskarrolla i innsamling og bruk av data.
  • reflektere over etiske forhold rundt bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitering.
  • reflektere over forfattarskap og medforfattarskap i vitskapleg arbeid.

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master  

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Studentar skal ha stått på minst 45 studiepoeng (inkludert forskingsmetode) frå første år av masterprogrammet før dei tar til med masteroppgåvearbeidet.

Studenten skal ha stått på eksamen i fellesemna og fordjupningsemna på studieretningane før innlevering av masteroppgåva.

Studentar på studieretninga "åtferd- og nevrovitskap" som skal jobbe med forsøksdyr, må ta kurs i forsøksdyrlære tilsvarande LAS301 i løpet av studieløpet.

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av tre element:

  • Prosjektskisse på mellom 3.000 og 4.000 ord
  • Masteroppgåve (i enten oppgåveformat eller artikkelformat, sjå under)
  • Ein vitskapleg presentasjon av eige prosjekt på avslutningskonferansen for masterstudiet.

Det vil bli gitt eit eige dokument som beskriv forventa format for prosjektskisse og masteroppgåve. Prosjektskisse og masteroppgåve kan skrivast på norsk eller engelsk, og masteroppgåva skal ha samandrag på begge språk (på om lag 200 ord). Masteroppgåva skal skrivast i tråd med APA-standarden, med enten halvanna eller dobbel linjeavstand og med figurar inne i teksten heller enn på slutten.

Prosjektskisse: Studentane skal under rettleiing skrive ein prosjektplan for masteroppgåva på mellom 3.000 og 4.000 ord. Denne skal gjere greie for prosjektet sitt temaområde, problemstilling, metode, datahandsaming eller analyseform, forskingsetiske vurderingar og ei tidsramme for arbeidet med masteroppgåva. Om studentane skriv ei preregistrering av datainnsamling og analyse, så kan prosjektskissa vere kortare og ha preregistreringa som vedlegg. Prosjektskissa blir vurdert som godkjend / ikkje godkjend av rettleiar i samråd med emneansvarleg. 

Masteroppgåve i oppgåveformat: Lengda på oppgåva skal være på mellom 16.000 og 20.000 ord (forord, samandrag, referanseliste og appendiks vert ikkje talt). Lengda kan vere kortare om alt det naudsynte er dekka. Oppgåva skal ha ei breiare gjennomgang av litteraturen, meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar, og meir inngåande diskusjon enn det som er vanlig for ein vitskapleg artikkel. Studentane avtalar med rettleiar korleis og kor ofte dei skal få rettleiing i løpet av dei to semestera, og leverer ei endeleg oppgåve innan tidsfristen mot slutten av sitt andre semester. 

Masteroppgåve i artikkelformat: Masteroppgåva består av eit artikkelmanuskript og ei «kappe». Samla lengde for desse to skal vere mellom 12.000 og 16.000 ord, avhengig av krav til tidsskrifta det siktast på (forord, samandrag, referanseliste og appendiks vert ikkje talt). Artikkelmanuskriptet skal skrivast på same måte som eit empirisk eller teoretisk manuskript som vert sendt inn til publikasjon i eit vitskapleg tidsskrift, og skal følgje dette tidsskriftet sine krav til lengde og formattering. I kappa skal det stå kva for tidsskrift ein ser for seg at manuskriptet kunne blitt sendt til, og ei grunngjeving for dette. Kappa bør også innehalde ei grundigare teoretisk gjennomgang og diskusjon av artikkelens potensielle bidrag i forskingslitteraturen enn det som det er plass til i artikkelmanuskriptet. Kappa og artikkelen trenger ikkje være på same språk.

Rettleiing av masteroppgåve i artikkelformat: Rettleiar skal fungere som fagfelle for arbeidet med artikkelmanuskriptet. Dette inneber at rettleiar skal hjelpe studentane å planlegge prosjektet og å komme i gong med arbeidet, men skal i starten være lite involvert i å rettleie den skrivne teksten. Tidleg i det andre semesteret av arbeidet skal studentane sende inn eit utkast av artikkelmanuskript og kappe til rettleiar, som så skal fagfellevurdere utkastet. Innan ei avtalt tidsfrist (fortrinnsvis to veker) skal rettleiar gje tilbakemelding som liknar ein detaljert skriftleg fagfellevurdering frå eit tidsskrift. Studentane jobbar så igjen sjølvstendig med å integrere denne tilbakemeldinga inn i den endelege oppgåva som leverast til sensur. Før innlevering skal ikkje rettleiar vera like involvert i skriving av artikkelmanuskriptet som ein medforfattar vanlegvis er. Om studentar og rettleiar ynskjer å sende arbeidet inn som vitskapleg artikkel, så kan rettleiar sine ytterlegare bidrag til skrivinga komme etter at oppgåva er levert inn til sensur.

Om samarbeid i masteroppgåvearbeid: Masteroppgåva skal som hovudregel skrivast parvis, men individuell skriving er mogleg. Ved parvis skriving vert det forventa at forfattarane skal medverke med likeverdig innsats i arbeidet, og at dei deltek på rettleiingsmøter og følgjer planer om studentsamarbeid. Oppgåver som er skrivne individuelt har same krav til lengde som dei som er skrivne parvis. I vurdering av oppgåva vil sensor ta omsyn til om arbeidet er gjort av ein eller to studentar. Det skal ved innlevering av masteroppgåva leverast eit skjema med "erklæring av eigenarbeid i masteroppgåvearbeidet", signert av både studentar og rettleiar.

Det blir gitt eit felles orienteringsmøte for MAPSYK330 og MAPSYK360 i august. I løpet av haust- og vårsemesteret blir det haldt seminar om det praktiske rundt masteroppgåvearbeidet, forskingspraksis og akademisk skriving. 

Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale. Delar av rettleiinga kan bli gitt i grupper. Frist for å levere rettleiarkontrakt vil bli gitt på orienteringsmøter og i MittUiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Prosjektskisse skal leverast på Mittuib innan tidsfrist som er oppgitt.
  • Studentane skal gjennomføre ein vitskapleg presentasjon av eige prosjekt i form av eit innlegg over 15-30 min. på avslutningskonferansen for masterstudiet. Presentasjonen skal vere i form av ein munnleg framføring.
  • Rettleiingskontrakt skal leverast innan fristar som er oppgitt i mittuib
  • Vurderingsformer

    Masteroppgåve i oppgåveformat: Lengda på oppgåva skal være på mellom 16.000 og 20.000 ord (forord, samandrag, referanseliste og appendiks vert ikkje talt).

    Masteroppgåve i artikkelformat: Masteroppgåva består av eit artikkelmanuskript og ei «kappe». Samla lengde for desse to skal vere mellom 12.000 og 16.000 ord, avhengig av krav til tidsskrifta det siktast på (forord, samandrag, referanseliste og appendiks vert ikkje talt).

    Masteroppgåva (både oppgåveformat og artikkelformat) vil bli vurdert ut frå vitskapelege krav og grad av sjølvstendig arbeid. Det vert forventa at arbeidet skal svare til eit års studentarbeid gjort som del av masteroppgåveemnet. Masteroppgåva får ein felles karakter sjølv om to studentar skriv oppgåve saman.

    Ei masteroppgåve skreve i artikkelformat vil bli evaluert ut frå om den lev opp til forventningane for eit manuskript som blir sendt inn til det aktuelle tidsskriftet. Artikkelmanuset vil derfor være kortare i lengd enn ei masteroppgåve i opgåveformat, men sensuren bør kunne forvente at det er lagt arbeid inn i å få eit klart fokus¿rundt ei konkret problemstilling, og eit presist og konsist vitskapleg språk.

    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Ikkje aktuelt
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. 
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje aktuelt
    Programansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Emneansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet