Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Brukarkurs i matematikk I

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet har redusert undervisning om våren og går på ettermiddagstid fra kl 16.15.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet gir studentane ei elementær innføring i funksjonar av ein variabel med hovudvekt på trigonometriske og eksponensialfunksjonar, grenseverdiar, derivasjon, integrasjon og enkle differensiallikningar. Vidare inneheld emnet grunnleggjande vektoralgebra, og ekstremalpunkt for funksjonar av to variable. Ein lærer å nytte dette til enkel modellering innan biologi, naturvitskap og samfunnsfag.

Innhald:

Emnet inneheld elementær innføring i funksjonar av ein variabel med hovudvekt på trigonometriske og eksponensialfunksjonar, grenseverdiar, derivasjon, integrasjon og enkle differensiallikningar. Vidare inneheld emnet grunnleggjande vektoralgebra, og ekstremalpunkt for funksjonar av to variable.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter fullført emne kan studenten

  • eigenskaper til grunnleggjande funksjonar som polynomfunksjonar
    eksponenesialfunksjonar og trigonometriske funksjonar
  • derivere funksjonar bygd opp av desse, og nokre standardteknikkar til å rekne ut enkle bestemte og ubestemte integral som involverer desse funksjonane
  • gjennomføre drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel, grunnleggjande vektorregning, og nytte dette på enkle geometriske situasjonar
  • lokalisere og karakterisere ekstremalpunkt for funksjonar av to variable.
  • gjennomføre enkel modellering som involverer eksponentialfunksjonar og enkle differensiallikningar, og finne løysingar for desse modellikningane

Ferdigheiter

Etter fullført emne meistrar studenten:

  • å rekne med grunnleggjande funksjonar som polynomfunksjonar, eksponensialfunksjonar og trigonometriske funksjonar, derivere funksjonar bygd opp av desse
  • standardteknikkar til å rekne ut enkle bestemte og ubestemte integral som involverer desse funksjonane
  • drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel, grunnleggjande vektorrekning, og bruk av dette på enkle geometriske situasjonar
  • lokalisering og karakterisering av ekstremalpunkt for funksjonar av to variable
  • enkel modellering som involverer eksponensialfunksjonar og enkle differensiallikningar og å finne løysingar for desse modellikningane.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • grunnleggjande matematiske metodar og nytta dei til å modellere og finne løysingar på enkle praktiske problem

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

R1, S1+S2 eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver (Gyldige i to semester: inneverande semester + våren etter).

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen: 5 timar i haustsemesteret. I vårsemesteret er eksamen 4 timars eksamen og byrjar kl 15.00.
Tillatne hjelpemiddel: Lærebok og Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Karakterskala bestått/ikkje bestått i staden for A-F
  • Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MAT111: 5sp, ECON140: 7sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Skriftlig eksamen vil ikke foregå på campus våren 2020. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    12.05.2020, 15:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    28.04.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    12.02.2020, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    02.02.2020
    Sted