Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Brukarkurs i matematikk II

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Målet med emnet er å gjøre studenten i stand til å gjennomføre grunnleggjande matematisk modellering og statistiske analyser basert på reelle data.

Innhald
Ein studerer grunnleggjande omgrep og metodar innan lineær algebra, funksjonar av fleire variable differensiallikningar, populasjonsdynamiske modellar, dataanalyse, statistikk og optimering. Samstundes lærer studentane praktisk bruk av metodane gjennom dataøvingar i Python.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner grunnleggjande definisjonar knytt til statistikk
  • kjenner grunnleggjande definisjonar knytt til matrisar og lineær algebra
  • forstår omgrepa konfidensintervall, hypotesetesting og p-verdier
  • forstår bruk av digitale verktøy i naturvitskap
  • forstår populasjonsdynamiske modellar
  • kjenner bruk av numeriske metodar for matematisk modellering i naturvitskap

Ferdigheter

Studenten

  • kan bruke Phyton til deskriptiv statistikk og analyse av reelle data
  • kan metodar som regresjon, korrelasjonsanalyse og minste kvadratars metode
  • kan bruke eit og to-utvals t-testar
  • kan løyse system av differensiallikningar numerisk
  • kan setja opp enkle matematiske modellar som til dømes populasjonsmodellar
  • kan bruke grafisk drøfting for å få ei kvalitativ forståing av løysingskurvane til differensiallikningar
  • kan finne den partiell deriverte av funksjonar av fleire variable og bruke denne til å finne ekstrempunkter både analytisk og ved hjelp av numeriske metodar
  • kan skrive og forstå eit Pyton-program

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i bruk av matematikk i naturvitenskap
  • har erfaring med bruk av datamaskin til løysing av matematske og statistiske problem
  • ser på kva måte matematisk teori er nyttig for oppstilling av ein modell i naturvitskapen
  • veit på kva åte matematikk og statistikk kan nyttast i dataanalyse

Tilrådde forkunnskapar

MAT101

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til Det matematisk.naturvitskaplege fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av forelesingar og dataøvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver, gyldig i 2 semester (inneverande semester og påfølgjande haustsemester)

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen: 5 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og admoinistrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar@math.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her.

studierettleiar@math.uib.no

Tlf: 55 58 28 34

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    28.05.2020, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    14.05.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen