Dynamiske system
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MAT230
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tar for seg eksistens og entydigheit, og analyser i faserommet til ikkje-linære differensiallikningar. Vidare omhandlast asymptotisk teori og asymptotiske rekkjer, samt regulære og singulære perturbasjonsmetodar, og stabilitetsanalyse. Det gis ein innføring i kaotiske system.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentene kunne:
- Greie ut om eksistens og eintyde av løysingar til ordinære differensiallikningar.
- Bruke faseplanet til å analyserer to dimensjonale system med omsyn på likevekt, eksistens av grensesyklar og linearisering.
- Gjengi teorem som omhandlar eksistens av periodiske løysningar og anvende dei på enkle system.
- Forklare viktige omgrep innan asymptotisk teori, som ordenssymbol, asymptotiske følgjer og asymptotiske rekkjer, og greie ut om avkorting og konvergens av asymptotiske rekkjer.
- Beskrive asymptotiske perturbasjonsmetodar for tilnærma løysningar av differensiallikningar og diskutere eigenskapane til dei forskjellige metodene.
- Anvende singulære perturbasjonsmetodar, koordinat strekking, fleirskala og grensesjikt, på enkle problem.
- Forklare harmonisk og subharmonisk respons og stabilitet til drivne svingingar, og gjennomføre enkle analyser av Duffings og van der Pol likningane.
- Definere Poincare og Liapunov stabilitet.
- Greie ut om Floquet teori.
- Anvende Liapunovs metoder for stabilitets analyse av to dimensjonale problem.
- Forklare og gi døme på bruken av Poincare-Bendixons teorem.
- Forklare sentrale omgrep innan kaosteorien som bifurkasjon, strange attractors og Liapunoveksponentane.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MAUMAT645: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske øvingar. (Gyldige i to semester: inneverande + hausten etter)
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen: 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.