Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Klassisk og utrekningsorientert mekanikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMAT251
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Annenhver vår jamne årstall.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i den analytiske mekanikken, variasjonsprinsipp, rørsle i akselerte koordinatsystem og konserveringslovar. Tema som blir særskilt behandla er variasjonsrekning, rørsle til stive lekamar, rørsle i sentralkraftfelt, rørsle i akselererte koordinatsystem, drivne og dempa svingingar, ikkje-lineær dynamikk og kanoniske transformasjonar for å finna konserveringslovar. Kurset legg grunnlaget for vidare fordjuping i mekanikk og dynamiske system.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Forklare elementære omgrep og prinsipp i den analytiske mekanikken som generaliserte koordinatar, virtuelt arbeid, og variasjonsprinsipp.
  • Bruke variasjonsrekning på enkle problemstillingar med føringar.
  • Bruke Lagrange- og Hamiltonformalismen til å finna rørslelikningane for enkle mekaniske problem.
  • Bestemme og identifisere ulike baner for ein partikkel i sentralkraftfeltet basert på energibetraktningar.
  • Definere tråleikstensoren og utleie rørslelikningar for stive lekamar.
  • Forklare overgangen mellom Lagrange og Hamiltons mekanikk gjennom Legendretransformasjonen.
  • Bestemme sykliske variable og utleie bevaringslovar for enkle Hamiltonske system gjennom kanoniske transformasjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT131, MAT212, PHYS111

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver (Gyldig i to semester: inneverande + semesteret etter)

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen: 5 timar. Lovlege hjelpemiddel: Ingen. Eksamen berre om våren når emnet undervises.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Eksamen berre ein gong i året - vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Instituttet.