Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Prosjektarbeid i matematikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMAT292
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å lære studentane å skrive og presentere ei prosjektoppgåve. Prosjektoppgåvene vil ha tema som spenner over hele spekteret av sentrale problem ved Matematisk institutt. I prosjektarbeidet skal studentane få trening i bruk av bibliotekstenester. Det vert gjeven undervisning i matematisk skriving og i bruk av LaTex.

 

 

Innhald:

Emnet inneheld trening i matematisk skriving, prosjektarbeid, bruk av LaTex og biblotekstenester og trening i å presentere resultat fra prosjekt. Valg av tema vil avhenge av studentens bakgrunn og interesser. Oppgåven kan omfatte matematisk modellering, rekning på datamaskin og studier av matematiske artikler.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter fullført emne kan studenten:

  • Planlegge og gjennomføre eit prosjekt knytta til matematiske fag
  • redigere matematisk tekst ved hjelp av egnet programvare og formulere og presentere eit matematisk problem munnleg og skriftleg.

Ferdigheiter

Etter fullført emne meistrar studenten:

  • Å planlegge og gjennomføre eit prosjekt knytta til matematiske fag
  • redigere matematisk tekst ved hjelp av egnet programvare og formulere og presentere eit matematisk problem munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse

  • Studenten kan arbeide med prosjekt og å følge det frå start til presentasjon.

Krav til forkunnskapar

MAT111, MAT112, MAT121, MAT131/MAT211/MAT220, MAT212/STAT110. Kurset er berre opent for studentar som tek Bachelorgrad på Matematisk institutt. Det skal normalt inngå i sjette semester med mindre anna er avtalt med instituttet.

Tilrådde forkunnskapar

MAT131

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på undervisning.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve + munnleg presentasjon. Eksamen berre ein gong i året - vår.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MAT231: 4sp, MAT264: 9sp

Vurderingssemester

Eksamen berre ein gong i året - vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Instituttet.