Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Matematikk for lærarar på 8-13.trinn, nivå 1 - del A

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset skal utvikle den matematikkfaglege kompetansen til studenten innan ulike emne som har spesiell relevans for skulefaget matematikk. Vidare skal kurset utvikle innsikt i undervisningsdesign innan dei matematikkfaglege emna i kurset. I kurset vert det lagt betydeleg vekt på å gje studenten praktisk erfaring med digitale ferdigheiter, som å kunne nytta GeoGebra og programmering i skulen. Spesielt skal kurset gjere studenten i stand til å møte utfordringane som nye læreplanar og eksamensordningar skaper. Studenten skal vidare prøve ut den nye kunnskapen i sitt eige klasserom og dele den i eige kollegium.

Dei matematikkfaglege emna i kurset er algebra, funksjonar og modellering. Vi vil arbeide med funksjonar i ein variabel. Sentrale omgrep er grenseverdiar, kontinuitet, derivasjon og integrasjon, følgjer og rekker. I emnet modellering vil vi sjå på korleis matematikk kan brukast til å analysere og løyse problem i og utanfor faget og vurdere løysingane. Relevante tema kan vere optimering og regresjon.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Etter fullført studium skal studenten ha

  • kunnskap om algebra og funksjoner (som polynomfunksjoner, eksponentialfunksjonar og logaritmefunksjonar)
  • kunnskap om modellering, og kunne kople dette til matematikkundervisninga i skulen
  • kunnskap om algoritmisk tenkning og programmering
  • kunnskap om varierte arbeidsmåtar i matematikkundervisninga
  • god kunnskap om pedagogisk bruk av IKT som hjelpemiddel til å fremme matematisk forståing
  • kunnskap om læreplanar, grunnleggjande ferdigheitar og kompetansemål i arbeidet med planlegging, tilpassing og gjennomføring av undervisning

Ferdigheiter:

Etter fullført studium skal studenten kunne

  • bruke kunnskap om funksjonar til å løyse ulike problem
  • gjere reie for derivasjons- og integrasjonsomgrepet og samanhengen mellom desse
  • løyse både praktiske og teoretiske problem ved hjelp av matematikk
  • derivere og integrere ulike typer funksjoner
  • bruke digitale verktøy på ein hensiktsmessig måte i undervisninga
  • lage gode vurderingssituasjonar for kartlegging samt formativ og summativ vurdering
  • gje elevane tilpassa tilbakemeldingar som fremmer læring

Generell kompetanse:

Etter fullført studium skal studenten

  • ha innsikt i og kunne reflektere over eigne erfaringar med korleis digitale hjelpemiddel kan fremme forståing hjå elevane og utvide kompetansen i matematikk.
  • ha innsikt i korleis problemløsing og utforsking av matematiske situasjonar er med på å utvikle forståing og dybdekunnskap hjå elevane
  • vurdere eigen praksis i eit didaktisk perspektiv og kjenne til relevant didaktisk teori
  • ha innsikt i korleis ein legg til rette for at elevane skal kunne utvikle evna til matematisk tenkning

Krav til forkunnskapar

Godkjent lærarutdanning

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1 frå allmenn-/grunnskulelærarutdanninga eller full fordjuping i matematikk frå vidaregåande skule, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet må ein ha fått tilbod om plass via den nasjonale vidareutdanningsordninga Kompetanse for kvalitet. Ved ev. ledige plassar kan andre lærarar få tilbod om plass.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert i fire samlingar. Kvar samling går over tre dagar. Det vert gjeve omlag seks timar undervisning kvar dag. Dei tre første samlingane er obligatoriske, den siste er valfri. Mellom samlingane vert det gjeve nettbasert undervisning og oppfølging av studentar via Mitt UiB og Zoom. I undervisninga i kurset vert det nytta varierte arbeidsformer som førelesing, seminar, oppgåveløysing, utviklingsarbeid og individuell rettleiing. Undervisninga vil vere eksemplarisk med bruk av digitale verktøy og vektlegging av matematikk som prosess.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre skriftlege oppgåver må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen. I desse oppgåvene arbeider studentane med dei matematikkfaglege emna i kurset og koplar dette til skulematematikken. Tre aktivitetar er knytt til eigen undervisning og praksis. Her arbeider studentane med pedagogisk bruk av IKT, utprøving av opplegg i eigen klasserom og kunnskapsdeling i kollegiet. Til kvar aktivitet leverer studentane eit refleksjonsnotat som utgjer ei mappe. Mappa inngår som del av vurderingsgrunnlaget i kurset. Innleveringane og mappa vil vere gyldige i tre semester (inneverande og dei to påfølgjande).

Vurderingsformer

Vurderingen består av to delar:

Mappe (teller 25 % av avsluttande karakter).

5 timars skriftlig eksamen (teller 75 % av avsluttande karakter). Tillatne hjelpemiddel: Alle kalkulatorar er tillatne, i samsvar med fakultetets reglar.

Begge delar må være bestått for å bestå emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Karakterskala bestått/ikkje bestått i staden for A-F

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Matematisk institutt

Kontakt

Emneansvarlig Tor Espen Kristensen

Epost: tork73@gmail.com

Studieveileder Matematisk institutt
Epost: studieveileder@math.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen og mappeinnlevering

    Dato
    19.02.2021, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    05.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen