Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Matematikk for lærarar på 8-13.trinn, nivå 1 - del B

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kurset skal utvikle den matematikkfaglege kompetansen til studenten innan ulike emne som har spesiell relevans for skulefaget matematikk. Vidare skal kurset utvikle innsikt i undervisningsdesign innan dei matematikkfaglege emna i kurset. I kurset vert det lagt betydeleg vekt på å gje studenten praktisk erfaring i bruk av det digitale verktøyet GeoGebra. Spesielt skal kurset gjere studenten i stand til å møte utfordringane som nye læreplanar og eksamensordningar skaper. Studenten skal vidare prøve ut den nye kunnskapen i sitt eige klasserom og dele den i eige kollegium.

Dei matematikkfaglege emna i kurset er geometri, trigonometri, vektorer, sannsyn, kombinatorikk og statistikk.

Det gis en innføring i klassisk geometri, konstruksjonar, trigonometri, vektorar, avbildingar og symmetriar. Vi vil også arbeide med kombinatoriske utvalsmetodar, sannsynsmodellar, fordelingar, forventningsverdi, varians og standardavvik, hypotesetesting og estimering.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Etter fullført studium skal studenten ha

  • kunnskap om den klassiske geometriens oppbygning
  • kunnskap om trigonometri, vektorar, avbildningar og symmetriar.
  • kunnskap om ulike kombinatoriske utvalsmetodar og ulike sannsynsmodellar
  • Kunnskap om omgrepa fordeling og stokastisk variabel for endelege utfallsrom og korelis ein kan finne forventning
  • kunnskap om varierte arbeidsmåtar i matematikkundervisninga
  • god kunnskap om pedagogisk bruk av IKT som hjelpemiddel til å fremme matematisk forståing
  • kunnskap om læreplanar, grunnleggjande ferdigheitar og kompetansemål i arbeidet med planlegging, tilpassing og gjennomføring av undervisning

Ferdigheiter:

Etter fullført studium skal studenten kunne

  • nytte trigonometri og vektorer til å gjere ulike utrekningar på geometriske figurar
  • finne forveningsverdi, varians og standardavvik for ein stokastisk variabel
  • gjere estimering og gjennomføre hypotesetesting
  • bruke digitale verktøy på ein hensiktsmessig måte i undervisninga
  • lage gode vurderingssituasjonar for kartlegging samt formativ og summativ vurdering
  • gje elevane tilpassa tilbakemeldingar som fremmer læring

Generell kompetanse:

Etter fullført studium skal studenten

  • ha innsikt i og kunne reflektere over eigne erfaringar med korleis digitale hjelpemiddel kan fremme forståing hjå elevane og utvide kompetansen i matematikk.
  • ha innsikt i korleis problemløsing og utforsking av matematiske situasjonar er med på å utvikle forståing og dybdekunnskap hjå elevane
  • vurdere eigen praksis i eit didaktisk perspektiv og kjenne til relevant didaktisk teori
  • ha innsikt i korleis ein legg til rette for at elevane skal kunne utvikle evna til matematisk tenkning

Krav til forkunnskapar

Godkjent lærarutdanning

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1 frå allmenn-/grunnskulelærarutdanninga eller full fordjuping i matematikk frå vidaregåande skule, eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet må ein har fått tilbud om plass via den nasjonale videreutdanningsordninga Kompetanse for kvalitet.Ved ev. ledige plassar kan andre lærarar få tilbod om plass.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert i fire samlingar. Kvar samling går over tre dagar. Det vert gjeve omlag seks timar undervisning kvar dag. Dei tre første samlingane er obligatoriske, den siste er valfri. Mellom samlingane vert det gjeve nettbasert undervisning og oppfølging av studentar via Mitt UiB og Adobe Connect. I undervisninga i kurset vert det nytta varierte arbeidsformer som førelesing, seminar, oppgåveløysing, utviklingsarbeid og individuell rettleiing. Undervisninga vil vere eksemplarisk med bruk av digitale verktøy og vektlegging av matematikk som prosess.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre skriftlege oppgåver må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen. I desse oppgåvene arbeider studentane med dei matematikkfaglege emna i kurset og koplar dette til skulematematikken. Tre aktivitetar er knytt til eigen undervisning og praksis. Her arbeider studentane med pedagogisk bruk av IKT, utprøving av opplegg i eigen klasserom og kunnskapsdeling i kollegiet. Til kvar aktivitet leverer studentane eit refleksjonsnotat som utgjer ei mappe. Mappa inngår som del av vurderingsgrunnlaget i kurset. Innleveringane og mappa vil vere gyldige i tre semester (inneverande og dei to påfølgjande).

Vurderingsformer

Mappe (teller 25 % av avsluttande karakter).

5 timars skriftlig eksamen (teller 75 % av avsluttande karakter). Tillatne hjelpemiddel: Alle kalkulatorar er tillatne, i samsvar med fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Matematisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig Tor Espen Kristensen

Epost: tork73@gmail.com

Studiekonsulent Marianne Jensen

Epost: studieveileder@math.uib.no Telefon 55 58 28 41

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen og mappeinnlevering

    Dato
    19.09.2019, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    05.09.2019
    Sted