Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

GeoGebra for lærarar i ungdomsskulen

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMAT621
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Emnet vert undervist over to semester, haust og vår.

NB. Emnet undervises ikke studieåret 20/21 og 21/22 og vil sannsynligvis bli lagt ned.

Det må være minimum 5 deltakarar for at emnet vert undervist.

Mål og innhald

Med dei nye minstekrava til digitale verktøy for skriftleg, todelt eksamen i matematikk for grunnskolen gjeldande frå våren 2015 har programmet GeoGebra fått ein heilt ny aktualitet i ungdomsskolen. Dette krev reell kompetanse i korleis ein kan nytte programmet i undervising og læringsarbeid. Kurset vil gje lærarar i ungdomsskolen praktisk kompetanse med bruk av GeoGebra i eigen undervising. Det skal også gi kunnskap om og ulike perspektiv på bruken av eit slikt program, t. d. i matematisk modellering og korleis det kan nyttast i og påverkar underveis- og sluttvurdering i matematikkfaget.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha:

  • teknisk dugleik i bruk av GeoGebra tilsvarande GeoGebrasertifisering nivå 2 og kjenne muligheter og begrensninger ved dette verktøyet
  • kunnskap om og praktiske dugleik med bruk av GeoGebra i undervisinga av sentrale matematikkemne på ungdomsskolen
  • kunnskap om og praktiske dugleik med bruk av GeoGebra i undersøkjande læringsaktivitetar på ungdomsskolen
  • kunnskap om korleis bruk av digitale verktøy som GeoGebra påverkar underveis- og sluttvurdering i matematikkfaget
  • god undervisingskunnskap i matematikk ved bruk av GeoGebra

Krav til forkunnskapar

For å kunne delta på GeoGebrakurs, må ein undervise i matematikk på ungdomstrinnet parallelt med at ein tar kurset og ha godkjent lærarutdanning.

Det er ynskeleg at deltakarane har solid matematikkbakgrunn.

Minstekrav for opptak er 45 studiepoeng i matematikk. 45 studiepoeng matematikk frå allmenn-/grunnskolelærarutdanning dekke kravet.

Ved stor søking vil matematikkompetanse nyttast som prioriteringskriterium.

Krav til studierett

MAT621 er eit vidareutdanningsemne med kursavgift. For å kunne ta emnet må ein fylle opptakskrava, ha søkt om plass via EVUweb og betalt kursavgift innan frist.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset er samlingsbasert med nettstøtte. Arbeidsformer er forelesning, seminar, oppgaveløsning, utviklingsarbeid. Undervisinga er i stor grad eksemplifiserande og involvere den enkelte lærars eigen undervising.

Undervisinga er organisert i 6 samlingar à 2 dagar, 3 på høsten og 3 på våren for å følgje et heilt skoleår. Kursdagar vil vere torsdag og fredag. Samlingane er obligatoriske. I tillegg vert det nettbasert oppfølgjing mellom samlingane via Moodle og Adobe Connect.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

6 obligatoriske oppgaver vil inngå i en utviklingsmappe. (gyldige berre i det studieåret dei vert gjennomført)

Vurderingsformer

Mappe

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Fagleg overlapp

MAT601: 5 sp, MAT602: 5 sp, MAT622: 15 sp

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

Anne Bjørnestad

Institutt

Matematisk institutt

Kontakt

Administrativ kontaktperson:

Marianne Jensen, studiekonsulent, Matematisk institutt

marianne.jensen@uib.no