GeoGebra for lærarar i vidaregåande skule
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMAT622
- Talet på semester2
- SpråkNorsk
- Ressursar
Main content
Undervisningssemester
Emnet vert undervist over to semester, haust og vår.
NB. Emnet undervises ikke studieåret 20/21 og 21/22 og vil sannsynligvis bli lagt ned.
Det må være minimum 5 deltakarar for at emnet vert undervist.
Mål og innhald
Programmet GeoGebra har ein dominerande posisjon i matematikkfaget i den vidaregåande skolen. Dei nye minstekrava til digitale verktøy gjeldande frå våren 2015 krev reell kompetanse hos læraren i korleis ein kan kan nytte programmet i undervising og læringsarbeid. Kurset vil gje lærarar i den vidaregåande skolen praktisk kompetanse med bruk av GeoGebra i eigen undervising. Det skal også gi kunnskap om og ulike perspektiv på bruken av eit slikt program, t. d. i matematisk modellering og korleis det kan nyttast i og påverkar underveis- og sluttvurdering i matematikkfaget.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane ha:
- teknisk dugleik i bruk av GeoGebra tilsvarande GeoGebrasertifisering nivå 2 og kjenne muligheter og begrensninger ved dette verktøyet
- kunnskap om og praktiske dugleik med bruk av GeoGebra i undervisinga av sentrale matematikkemne i den vidaregåande skolen
- kunnskap om og praktiske dugleik med bruk av GeoGebra i undersøkjande læringsaktivitetar i den vidaregåande skolen
- kunnskap om korleis bruk av digitale verktøy som GeoGebra påverkar underveis- og sluttvurdering i matematikkfaget
- god undervisingskunnskap i matematikk ved bruk av GeoGebra
Krav til forkunnskapar
For å kunne delta på GeoGebrakurs, må ein undervise i matematikk i den vidaregåande skolen parallelt med at ein tar kurset og ha godkjent lærarutdanning.
Det er ynskeleg at deltakarane har solid matematikkbakgrunn.
Minstekrav for opptak er 60 studiepoeng i matematikk som bygger på full fordjuping i matematikk frå den vidaregåande skolen.Som matematikk i denne sammenheng regnes matematikk- og statistikkemner. Informatikk kan ikke telle med, så sant det ikke er snakk om informatikkemner med vesentlig matematikkinnhold. Matematikkdidaktikk kan ikke telle med i 60 sp som kreves.
Ved stor søking vil matematikkompetanse nyttast som prioriteringskriterium.
Krav til studierett
MAT622 er eit vidareutdanningsemne med kursavgift. For å kunne ta emnet må ein fylle opptakskrava, ha søkt om plass via EVUweb og betalt kursavgift innan frist.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Kurset er samlingsbasert med nettstøtte. Arbeidsformer er forelesning, seminar, oppgaveløsning, utviklingsarbeid. Undervisinga er i stor grad eksemplifiserande og involvere den enkelte lærars eigen undervising.
Undervisinga er organisert i 6 samlingar à 2 dagar, 3 på høsten og 3 på våren for å følgje et heilt skoleår. Kursdagar vil vere torsdag og fredag. Samlingane er obligatoriske. I tillegg vert det nettbasert oppfølgjing mellom samlingane via Moodle og Adobe Connect.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
6 obligatoriske oppgaver vil inngå i en utviklingsmappe. (gyldige berre i det studieåret dei vert gjennomført)
Vurderingsformer
Mappe
Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Tor Espen Kristensen og Arnt Frode Stava
Institutt
Matematisk institutt
Kontakt
Administrativ kontaktperson:
Marianne Jensen, studiekonsulent, Matematisk institutt