GeoGebra for lærarar i vidaregåande skule
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MAT622
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane ha:
- teknisk dugleik i bruk av GeoGebra tilsvarande GeoGebrasertifisering nivå 2 og kjenne muligheter og begrensninger ved dette verktøyet
- kunnskap om og praktiske dugleik med bruk av GeoGebra i undervisinga av sentrale matematikkemne i den vidaregåande skolen
- kunnskap om og praktiske dugleik med bruk av GeoGebra i undersøkjande læringsaktivitetar i den vidaregåande skolen
- kunnskap om korleis bruk av digitale verktøy som GeoGebra påverkar underveis- og sluttvurdering i matematikkfaget
- god undervisingskunnskap i matematikk ved bruk av GeoGebra
Undervisningssemester
Emnet vert undervist over to semester, haust og vår.
NB. Emnet undervises ikke studieåret 20/21 og 21/22 og vil sannsynligvis bli lagt ned.
Det må være minimum 5 deltakarar for at emnet vert undervist.
Krav til forkunnskapar
For å kunne delta på GeoGebrakurs, må ein undervise i matematikk i den vidaregåande skolen parallelt med at ein tar kurset og ha godkjent lærarutdanning.
Det er ynskeleg at deltakarane har solid matematikkbakgrunn.
Minstekrav for opptak er 60 studiepoeng i matematikk som bygger på full fordjuping i matematikk frå den vidaregåande skolen.Som matematikk i denne sammenheng regnes matematikk- og statistikkemner. Informatikk kan ikke telle med, så sant det ikke er snakk om informatikkemner med vesentlig matematikkinnhold. Matematikkdidaktikk kan ikke telle med i 60 sp som kreves.
Ved stor søking vil matematikkompetanse nyttast som prioriteringskriterium.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset er samlingsbasert med nettstøtte. Arbeidsformer er forelesning, seminar, oppgaveløsning, utviklingsarbeid. Undervisinga er i stor grad eksemplifiserande og involvere den enkelte lærars eigen undervising.
Undervisinga er organisert i 6 samlingar à 2 dagar, 3 på høsten og 3 på våren for å følgje et heilt skoleår. Kursdagar vil vere torsdag og fredag. Samlingane er obligatoriske. I tillegg vert det nettbasert oppfølgjing mellom samlingane via Moodle og Adobe Connect.