Hjem
Studentsider
Masteremne

Algoritmisk tenking og programmering i matematikkfaget

Undervisningssemester

Haust og vår. Kurset startar opp om hausten og går over to semestre.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på programmering som læringsfremjande verktøy i matematikkundervisninga i den vidaregåande skulen. Emnet skal gje studenten ei grunnleggjande forståing for algoritmisk tenking og programmering, og skal danne grunnlaget for undervisningskompetanse i dette temaet/emnet.

Emnet omhandlar

  • programmering som lærings- og undervisningsverktøy i matematikkfaget, med spesiell vekt på programmeringsspråket Python
  • algoritmisk tenking og utforsking i matematikkfaget
  • problemløysing og implementasjon av algoritmar, og
  • kjende matematiske problem som konstruktivt/fruktbart kan løysast ved hjelp av programmering.
  • kritisk kompetanse innan teknologi, matematisk modellering.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale aspekt ved algoritmisk tenking,
  • har kunnskap om sentrale aspekt knytt til programmeringsspråket Python,
  • har kunnskap om korleis ein kan ta i bruk algoritmisk tenking og programmering i klasserommet,
  • har kunnskap om matematiske problem som best let seg løyse numerisk i motsetnad til analytisk.
  • har kunnskap om algoritmisk tenking knytt til matematisk modellering.
  • kjenner til viktige datastrukturar og enkel syntaks knytt til programmeringsspråket Python.
  • har kunnskapar om vurdering av effektivitet og kvalitetar til ulike typar algoritmer.
  • har kunnskapar om ulike visualiseringsmetodar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan på bakgrunn av teori og forsking planlegge og gjennomføre undervisningsopplegg som omhandlar algoritmisk tenking og programmering,
  • kan finne løysingar av enkle matematiske problem, for eksempel løysing av likningar, ved hjelp av algoritmisk tenking og implementasjon i Python.
  • har kritisk kompetanse med omsyn til «big data» og psykometri, kunstig intelligens.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan knyte saman sine kunnskapar og ferdigheiter innan programmering med matematikkdidaktisk teori knytt til ulike former for undervisningspraksis,
  • kan gjennomføre kritiske refleksjonar omkring algoritmisk tenking og programmering som del av matematikkundervisninga, og grunnlaget for kvifor programmering er lagt inn som del av eit skulefag.
  • har god oversikt over didaktisk tilnærming til algoritmisk tenking og programmering i klasserommet.

Krav til forkunnskapar

30 studiepoeng matematikk/matematikkdidaktikk

Tilrådde forkunnskapar

Matematikkdidaktikk frå PPU eller annen lærarutdanning

Krav til studierett

Opptak til vidareutdanningskurs. Minimum 7 deltakarar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Inntil 6 obligatoriske arbeidskrav/-oppgaver. Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Matematisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

UiB Videre, videre@uib.no og

Matematisk institutt v/ Marianne Jensen, studieveileder@math.uib.no 

Eksamensinformasjon