Hjem
Utdanning
Masteremne

Didaktisk modellering

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen (samlingsbasert)

Mål og innhald

Del 1: Å formulere, gjennomføre og presentere eit prosjekt som omfattar oppstilling og/eller omarbeiding og tilpassing av ein differensiallikningsmodell kor ein tar i bruk passande digitale hjelpemiddel. Det skal utarbeidast ein prosjektrapport saman med andre studentar.

Del 2: Med grunnlag frå erfaringar frå prosjektet og den tilhøyrande rapporten, og relevant matematikkdidaktisk teori skal det formulerast og presenterast eit undervisningsopplegg som legg til rette for undersøkjande og sjølvstendig elevaktivitet innanfor eit matematisk emne som er relevant for undervisninga på ungdomstrinnet eller i den vidaregåande skulen. Materialet er skriftleg og vert utvikla saman med ein medstudent. Materialet skal presenterast munnleg for resten av studentgruppa og undervisare, som ein del av det obligatoriske arbeidet før eksamen.

Parallelt med del 1 og 2 blir det lagt opp til førelesingar og oppgåver knytt til

  • Lineære system av differensiallikningar av første og andre orden, ikkje-lineære system, og analytiske, kvalitative og numeriske metodar, samt Laplace-transformasjonen for å løyse differensiallikningane.
  • Prosjektarbeid, problemløysing og matematisk modellering i eit undervisnings- og læringsperspektiv.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • sette opp og løyse lineære system av differensiallikningar av første og andre orden, og analysere ikkje-lineære differensiallikningar basert på kunnskapar og innblikk i analytiske, kvalitative og numeriske metoder.
  • planlegge og gjennomføre problemløysing i en prosjektoppgåve som inneber å setje opp og/eller omarbeide og tilpasse ein enkel modell som inneheld differensiallikningar.
  • gjere eit val av og ta i bruk eigna digitale hjelpemiddel i problemløysinga
  • utarbeide undervisningsmateriale til eit undervisningsopplegg på ungdomstrinnet eller i den vidaregåande skulen. Opplegget skal byggje opp under at elevane skal arbeide med problemløysing som arbeidsmetode med eit matematisk innhald som er relevant for det aktuelle skuleslaget,
  • og gjere greie for korleis undervisningsmaterialet kan brukast til å setje elevane i gang med å gjere sjølvstendige undersøkingar og samstundes leggje grunnlag for at aktuelle læringsmål blir følgt opp.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikkdidaktikk 1 og 2 eller tilsvarande

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på masterprogrammet VID-MAUMAT

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

12 samlingsdagar à 6 timer blir omlag fordelt som:

førelesingar og tilhøyrande oppgåver og øvingar: 1/3,

gruppearbeid, studentframlegg, respons, rettleiing og diskusjon av prosjekt: 1/3

gruppearbeid, studentframlegg, respons, rettleiing og diskusjon av undervisningsopplegg: 1/3

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Del 1 Prosjektrapport utarbeida saman med ein medstudent

Del 2 Materiale tilhøyrande undervisningsopplegget, utarbeida saman med ein medstudent. Presentasjon av materialet for studentgruppa og undervisaren.

Gyldige i inneverande og i dei neste to semestra.

Vurderingsformer

Tretti minutt individuell munnleg eksamen utan forbereiingstid, kor det blir gjeve svar på todelt spørsmål som er valt ut på bakgrunn av loddtrekning:

a) Differensiallikningar (matematikkfagleg del)

b) Del 1, del 2, eller samanhengen mellom desse delane (matematikkdidaktisk del)

Prosjektrapport og undervisningsmateriale vert samla i ei mappe som inngår i vurderinga med 50%. Dei to delane i mappa vert likt vekta. Det blir gjeve ein samla karakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Matematisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon