Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Matematikkdidaktikk 1

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek for seg læring og undervisning i faget matematikk. Også kunnskapar om og refleksjon over forkunnskapar og kunnskapsutvikling hos elevane, og dessutan arbeids- og vurderingsformer knytt til læring i matematikk står sentralt. Kunnskap om på kva måte undervisning kan planleggast, tilpassast og gjennomførast vil også høre med. Også det spesielle forholdet mellom matematikk og andre samfunnsområde vil bli belyst. Kunnskap og refleksjonar over matematikken sitt særpreg og konsekvensar for mål, innhald og arbeidsmåtar i opplæringa blir tatt opp.

Døme på emne som kan bli tekne opp:

- matematisk kompetanse

- diagnostiske oppgåver

- arbeidsformer

- matematikkhistorie

- digitale verktøy

- matematikkvanskar

- problemløysing

- undervisningskunnskap

Emnet har fortrinnsvis fokus på ungdomstrinnet.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Kandidaten skal kunne

  • gjere greie for teoriar som beskriv utvikling av matematiske omgrep og strukturen deira
  • drøfte korleis ulike læringsteoriar kan gi grunnlag for ulike undervisningsformar og korleis læringssynet påvirker undervisningspraksisen
  • gjere greie for eit utvida kompetanseomgrep for matematikk og kunne bruke dette til å analysere undervisninga
  • drøfte kva kompetansar ein matematikklærar må stille med

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • bruke matematikkfagdidaktisk teori til å analysere undervisning, elevars tenking, undervisningsopplegg, læreplanar, læreverk og hjelpemiddel (som digitale verktøy)
  • eksemplifisere og bruke varierte undervisningsformer i matematikk
  • eksemplifisere og bruke ulike representasjonsformer av matematiske omgrep og veksle mellom fagspråket og det naturlege språket for å kommunisere matematikkinnhald i undervisninga

Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • utvikla ein reflektert haldning til sin eiga rolle som lærar og korleis han kan vidareutvikle sine lærarkompetansar
  • bruke didaktisk teori og eiga erfaring til å analysere matematikkfagets rolle i skulen og samfunnet på en sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Emnet må normalt tas parallelt med KOPRA103 og PEDA122.

Krav til studierett

Studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet si integrerte lektor- og adjunktutdanning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske arbeidsoppgåver/aktivitetar (gyldig i tre semester; inneverande og to påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i MATDID210 må normalt KOPRA103 være bestått.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no

Eksamensinformasjon