Hjem
Utdanning
Årsstudium

Matematikkdidaktikk 1

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet tek for seg læring og undervisning i faget matematikk. Også kunnskapar om og refleksjon over forkunnskapar og kunnskapsutvikling hos elevane, og dessutan arbeids- og vurderingsformer knytt til læring i matematikk står sentralt. Kunnskap om på kva måte undervisning kan planleggast, tilpassast og gjennomførast vil også høre med. Også det spesielle forholdet mellom matematikk og andre samfunnsområde vil bli belyst. Kunnskap og refleksjonar over matematikken sitt særpreg og konsekvensar for mål, innhald og arbeidsmåtar i opplæringa blir tatt opp.

Døme på emne som kan bli tekne opp:

- matematisk kompetanse

- diagnostiske oppgåver

- arbeidsformer

- matematikkhistorie

- digitale verktøy

- matematikkvanskar

- problemløysing

- undervisningskunnskap

Emnet har fortrinnsvis fokus på ungdomstrinnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere greie for teoriar som beskriv utvikling av matematiske omgrep og strukturen deira
  • drøfte korleis ulike læringsteoriar kan gi grunnlag for ulike undervisningsformar og korleis læringssynet påverkar undervisningspraksisen
  • gjere greie for eit utvida kompetanseomgrep for matematikk og kunne bruke dette til å analysere undervisninga
  • drøfte kva kompetansar ein matematikklærar må stille med

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke matematikkfagdidaktisk teori til å analysere undervisning, elevars tenking, undervisningsopplegg, læreplanar, læreverk og hjelpemiddel (som digitale verktøy)
  • eksemplifisere og bruke varierte undervisningsformer i matematikk
  • eksemplifisere og bruke ulike representasjonsformer av matematiske omgrep og veksle mellom fagspråket og det naturlege språket for å kommunisere matematikkinnhald i undervisninga

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla ein reflektert haldning til sin eiga rolle som lærar og korleis han kan vidareutvikle sine lærarkompetansar
  • kan bruke didaktisk teori og eiga erfaring til å analysere matematikkfagets rolle i skulen og samfunnet på en sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, seminar med studentinnlegg, datalabb, diskusjonar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske arbeidsoppgåver/aktivitetar (Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

For å kunne ta eksamen i MATDID210-P må normalt PPUPRA101 være bestått.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Det matematisk naturvitskapelege fakultet v/ Matematisk institutt har det administrative ansvaret for emnet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: Studierettleiar@math.uib.no

Tlf: 55 58 28 41

Eksamensinformasjon