Hjem
Utdanning
Årsstudium

Matematikkdidaktikk 2

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMATDID220-P
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på sentrale sider av undervisning og læring av matematikk:

Del 1:

  • Aspektar ved matematikkfaget: danning og nytte, demokratisk kompetanse, matematikk som skulefag og som vitskapsfag
  • Planlegging og gjennomføring av matematikkundervisning
  • Matematisk modellering
  • Digitale verktøy (GeoGebra)

Del 2:

  • Kommunikasjon i klasserommet og støtte til elevenes arbeid med matematikk
  • Vurdering av matematikklæring
  • Elever med ulike føresetnader
  • Internasjonale undersøkningar av matematikkundervisning
  • Representasjonar, bevis og argumentasjon i matematikkundervisninga

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om karakteristiske trekk ved matematikk som skulefag og vitskapsfag og fagets plass i samfunnet
  • har kunnskap om sentrale aspekt ved læringsfremmande matematikkundervisning
  • har kunnskap om variasjon i elevers føresetnader for matematikklæring
  • har kunnskap om kommunikasjon, matematiske representasjonar, bevis og argumentasjon i matematikkundervisninga
  • har kunnskap om matematisk modellering i matematikkundervisninga

Ferdigheiter

Studenten

  • kan på bakgrunn av teori og forsking planlegge og gjennomføre variert og tilpassa undervisning som understøtter elevane si matematikklæring
  • kan leggje til rette for elevane si matematikklæring blant anna gjennom kommunikasjon i klasserommet og gjennom vurdering
  • kan dokumentere og evaluere matematikkundervisning, matematikklæring og matematiske kompetansar
  • kan gjennomføre faglege drøftingar av blant anna mål for, kvalitet av, utvikling av og utfordringar ved matematikkundervisninga
  • kan planleggje undervisningsaktivtetar som vert støtta av digitale verktøy

Generell kompetanse

Studenten

  • kan knytte matematikkdidaktisk teori saman med ulike former for undervisningspraksis
  • kan gjennomføre kritiske refleksjonar over matematikklæraren si profesjonsutøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MATDID210-P

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Del 1: Presentasjon av undervisningsopplegg og minst to samlingar med opplæring og praksis knytt til GeoGebra

Del 2: Refleksjonsnotat

(Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande)

Vurderingsformer

Del 1: Munnleg eksamen

Del 2: Prosjektoppgåve

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Det matematisk naturvitskapelege fakultet v/ Matematisk institutt har det administrative ansvaret for emnet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 41