Hjem
Utdanning
Årsstudium

Bevis, argumentasjon og problemløysing i matematikkundervisninga

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMATDID240-P
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å vidareutvikle studentens ferdigheiter og kunnskapar innan matematikkdidaktikk med utgangspunkt i artiklar og anna relevant litteratur. Studenten skriv ei prosjektoppgåve der hovudfokus og litteratur vert individuelt avtalt. Gjennom arbeidet med emnet skal studenten bli kjent med matematikkdidaktisk forsking med tanke på å kunne nyttegjere seg denne kunnskapen i eigen undervisningspraksis.

Det vil bli fokusert på følgjande tema:

  • Bevis og argumentasjon i matematikkundervisninga
  • Problemløysing som arbeidsmåte
  • Undervisning og læring av geometri
  • Bruk av digitale verktøy (GeoGebra)

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om bevis og argumentasjon i matematikkundervisninga
  • har kunnskap om problemløysing som arbeidsmåte
  • har kunnskap om undervisning og læring av geometri
  • kan gjere greie for utvalde eksempel på matematikkdidaktisk forsking knytt til bevis og argumentasjon, problemløysing og undervisning og læring av geometri

Ferdigheter

Studenten kan

  • sette seg inn i matematikkdidaktisk forsking
  • planlegge varierte undervisningsopplegg blant anna i geometri basert på eigna teori og forsking der bevis, argumentasjon eller problemløysing står sentralt
  • bruke digitale verktøy i undervisning av geometri
  • gjennomføre eit mindre matematikkdidaktisk prosjekt på sjølvstendig grunnlag

Generelle kompetanse

Studenten skal bli i stand til

  • å kunne klargjere og framstille ei matematikkdidaktisk problemstilling skriftleg i lys av matematikkdidaktisk forsking, teori og erfaring frå eiga røynd
  • bruke matematikkdidaktisk forsking i planlegging, gjennomføring og refleksjon over eiga undervisning og kunne dokumentere dette

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid. Emnet kan også tas av lektorstudenter som skal ta masteroppgave i matematikkdidaktikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeve i form av seminar, samt individuell eller gruppevis rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på tre seminar. Innlevering av utkast til prosjektoppgåva.

(gyldig tre semester; inneværende og to påfølgende)

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Prosjektoppgåve

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.