Hjem
Studentsider
Årsstudium

Bevis, resonnement og argumentasjon i matematikkundervisninga

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMATDID241-P
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å vidareutvikle studentens ferdigheiter og kunnskapar innan matematikkdidaktikk med utgangspunkt i artiklar og anna relevant litteratur. Gjennom arbeidet med emnet skal studenten bli kjent med matematikkdidaktisk forsking med tanke på å kunne nyttegjere seg denne kunnskapen i eigen undervisningspraksis.

Det vil bli fokusert på følgjande tema:

  • Bevis, resonnement og argumentasjon i matematikkundervisninga
  • Undervisning og læring av geometri
  • Bruk av digitale verktøy

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

 Studenten

  • har kunnskap om bevis og argumentasjon i matematikkundervisninga
  • har kunnskap om undervisning og læring av geometri
  • kan gjere greie for utvalde eksempel på matematikkdidaktisk forsking knytt til bevis og argumentasjon og undervisning og læring av geometri

Ferdigheter

Studenten kan

  • sette seg inn i matematikkdidaktisk forsking
  • planlegge varierte undervisningsopplegg blant anna i geometri basert på eigna teori og forsking der bevis, resonnement og argumentasjon står sentralt
  • bruke digitale verktøy i undervisning av geometri

Generelle kompetanse

Studenten skal bli i stand til

  • å kunne klargjere og framstille ei matematikkdidaktisk problemstilling munnleg i lys av matematikkdidaktisk forsking, teori og erfaring frå eiga røynd
  • bruke matematikkdidaktisk forsking i planlegging, gjennomføring og refleksjon over eiga undervisning og kunne dokumentere dette

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid. Emnet kan også tas av lektorstudenter som skal ta masteroppgave i matematikkdidaktikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeve i form av seminar, samt individuell eller gruppevis rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte og deltaking på seminar etter nærmare avtale. Det er også obligatorisk å gjennomføre ein eller flere seminarpresentasjonar, og obligatorisk innlevering av notatar.

(gyldig tre semester; inneværende og to påfølgende)

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Munnleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt