Hjem
Utdanning
Masteremne

Tiande semester medisinstudiet

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Første gang det er undervisning i dette emnet er våren 2018.

I emnet MED10 får studentane kunnskap om førebyggjande medisin, arbeidsmedisin, rettsmedisin, rus, smerte og palliasjon. Semesteret vil også innehalde undervisning i generell onkologi, som knyt saman den meir organspesifikke onkologien studentane tidlegere har blitt undervist. Medisinstudentane får også økt kunnskap om leiarrollen til ein lege, handtering av kunnskap og etiske problemstillingar knytt til legeyrket.

I overgangsordninga vil studentane også få undervisning i samfunnsmedisin i tillegg til ei innføring i internasjonal helse med fokus på fattigdomsrelaterte helseproblem i låg- og mellominntektsland.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter semesteret

  • Kan studenten anvende dei aktuelle lovverk som er relevante i si gjerning som lege (til dømes lov om folkehelse, lov om helsepersonell, lov om straff, lov om pasientrettar, lov om helseregistre, lov om arbeidsmiljø m.m.)
  • Har studenten innsikt i betydinga av å overvake ulike faktorar i miljøet som kan påverke oss, til dømes eksponeringar i arbeidslivet og miljøet rundt oss, og korleis disse kan innverke på helsa, samt dei ulike metodane for forbetringsarbeid og handtering av uønskte hendingar.
  • Har studenten kunnskap om leiarskap og dei utfordringar dette gir både i rolla som leiar og med styringsleiarskap, inkludert dei utfordringar som er knytt til samhandling mellom nivå og mellom profesjonar i helse- og omsorgssektoren. Studenten har også kunnskap om korleis helsetenestene er organisert og oppbygde.
  • Kan studenten kjenne att rusrelaterte symptom, og behandle og førebygge rusrelaterte tilstander
  • Kan studenten anvende sin kunnskap om smerte- og symptomlindring for å handtere akutte tilstander og komplikasjonar hos pasientar med sjukdom
  • Har studenten avansert kunnskap om korleis sette i gang konkrete utredningar som kan bekrefte/avkrefte mistanke om kreft, samt vite når pasientar skal vidare til spesialisthelsetenesta
  • Kan studenten handtere kunnskap med eit kritisk blikk
  • Kan studenten forklare viktige skilnader og likskapar mellom rike og fattige land når det gjeld helsemessige og demografiske utviklingstrekk

Dugleik

  • Etter semesteret kan studenten
  • Foreslå befolkningsretta tiltak som fremmer folkehelsa
  • Vite når og korleis meldepliktige tilstander eller hendingar skal handteras
  • Gi råd om førebygging av miljørelaterte plager
  • Kartlegge, vurdere og gi egna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og med andre profesjonar
  • Gjere ei målretta klinisk undersøking av pasientar og oppdage patologi
  • Anvende metodar, som det første møtet med ein rusavhengig, til å identifisere og kartlegge rusproblem, og gje enkel rådgjeving
  • Utføre enklare rettsmedisinske oppgåver som det er rimelig å anta at legar møter i sin praksis
  • Arbeide tverrfaglig med å forbetre arbeidsprosedyrar, samt identifisere og handtere uønskte hendingar

Generell kompetanse

Etter semesteret

  • Kan studenten vurdere fordeler, ulemper og mulige etiske problemstillingar ved igangsetting av befolkningsretta tiltak for å fremme helsa i befolkninga
  • Har studenten ei heil tilnærming til alvorlig sjuke og døande pasientar, og deira pårørande
  • Har studenten forståing for kompleksiteten i rusrelaterte problem
  • Kan studenten kritisk reflektere over eigen praksis og framtidig utøving av yrket
  • Kan studenten reflektere over at alle ressursar har alternativkostnader, helsevesenets plass i samfunnet, og korleis ressursar kan fordeles på en tenleg måte på tvers av helsetenesta
  • Kan studenten diagnostisere, utgreie og utføre ikkje-kirurgisk helsehjelp til pasientar med kreft som allmennlege og som lege på lokal- og sentralsjukehus
  • Kan studenten forstå korleis ein kan innhente og presentere kunnskap på ein god måte
  • Kan studenten ha eit globalt perspektiv på utøving av si gjerning som lege

Krav til forkunnskapar

Fullført MED9

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det fokuserast på varierte undervisningsformer og integrering mellom fagområder i tråd med intensjonen til Medisin 2015. Eksemplar på undervisningsformer er kliniske smågrupper, praktiske kurs, nettbaserte ressursar, praktiske øvingar, team-basert- og case-basert læring i tillegg til tradisjonelle førelesningar.

Faglig informasjon via Mitt UiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på kliniske spesialvisitter og morgonklinikkar i onkologi
  • Godkjente fleirvalstestar og individuelle oppgåver
  • Presentasjon av oppgåver i gruppe
  • TBL i samfunnsmedisin

Alle obligatoriske krav underveis i semesteret må være godkjent før eksamensmappa kan vurderas. Detaljer om ulike arbeidskrav finnes på Mitt UiB.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Studenten skal jobbe med arbeidskrava undervegs i semestret, og mappa skal til slutt innehalde:

- Temaoppgåve 1:

Denne inneheld element frå arbeids-, førebyggande- og rusmedisin, samt smerte og palliasjon. Oppgåva veier difor tungt i vurderinga av semesteret. Informasjon om oppgåva vil bli gitt på MittUIB. Oppgåva vil undersøke studentens bruk av relevante lovverk, innsikt i miljøpåverknader og korleis desse påverkar helsa. Den vil også gå inn på førebyggande strategiar og korleis rusrelaterte symptom kan verte oppdaga. Den vil teste kunnskap om smerte og symptomlindring. Det er også eit ønske at oppgåva skal gi studenten ei moglegheit til å vurdere både korleis ulike tiltak kan gjerast og om eventuelle meldeplikter utløysast i løpet av case-oppgåva, og korleis studenten i så fall vil handsama dette. Oppgåva vil også belyse korleis ein handsamar ein vanskeleg etisk og medisinsk situasjon, og kva for instansar ein da bør samarbeide med.

- Temaoppgåve 2:

Inneheld tematikk frå legen som leiar. Oppgåva består av to moment, ei munnlege framstilling for kullet, samt ein PDF av denne presentasjonen.

For overgangskullet vil også presentasjonen i Internasjonal Helse inngå som del av mappevurderinga. Oppgåvene i Internasjonal helse vil fokusere på helseproblem i befolkningar med lite ressursar i låg- og mellominntekstland. Dette inkluderer epidemiologi, diagnostikk, handsaming av pasientar, førebygging og helsefremjande arbeid av sjukdommar som er vanlege i låg- og mellominntektsland. Rolla til legar i konfliktar og katastrofar vil også bli utdjupa, og korleis vaksiner kan førebygge sjukdomar i fattige befolkningar.

Mappa vurderas som ein heilskap, og alle element må være bestått for at mappa kan vurderas som godkjent.

Ei godkjent mappe inneberer følgjande vurdering:

- Temaoppgåve 1:

Ei godkjent oppgåve skal beskrive ei god forståing av dei gjeldande lovverk og praktisk bruk av desse. Den skal vise korleis ein handsamer saken og pasienten på en god måte, og gi råd om førebyggande tiltak både for person, befolkningsgruppe og befolkning generelt. Den skal kunne diskutere fordeler, ulemper og mulige etiske problemstillingar ved ulike tiltak. Studenten bør også vise korleis ein kan bruke erfaringar frå oppgåva til å reflektere over eigen praksis og framtidig utøving av yrket.

- Temaoppgåve 2:

I hovudsak vurderas dette i den munnlege framstillinga som studentane gir og dei spørsmål som kjem opp i den anledning.

- Oppgåve i internasjonal helse:

Dei godkjente oppgåvene vil syne korleis studenten vil handsame ei katastrofe i låginntektsland, om korleis ein kan planleggje for betre mødrehelse i område med lite ressursar,

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.Overgangsordninga: Munnleg evaluering på slutten av semesteret og god kontakt med STUND undervegs.

Programansvarleg

Programutval i medisin (PUM) har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Semesterstyret 10. semester

Emneansvarleg institutt: Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Administrativt ansvarleg

Emneansvarleg institutt: Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Eksamensinformasjon