Hjem
Utdanning
Masteremne

Ellevte semester medisinstudiet

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen og andre kommunar på Vestlandet i 6 vekers praksisperiode

Mål og innhald

«Det vanlege og det som hastar» er sett som ein overskrift på MED11 der allmennmedisin er største tema.

Gjennom undervising i teori, 6-vekers praksisperiode i kommunehelsetenesta og deltaking i pasientnær undervising på sjukehus skal studentane møta ei stor breidd av vanleg helseproblem.

Eit viktig element i undervisinga vil vera å identifisera problemstillingar der helsehjelpa hastar. Fleire tema frå spesialistmedisin skal vidareføra undervising i dette semesteret og fordeling av oppgåver mellom fastlege og spesialist vil vera eit gjennomgåande tema. Dette vil studentane få røynsle med både i allmennpraksis og i praksis på mottaksklinikken. I pasientmøte skal studentane kunna jobba etter pasientsentrert metode, der dei òg må bruka tidlegare tileigna kunnskap om kommunikasjon og sosio-økonomisk og kulturell ulikskap i møte med pasientar. Studenten skal gjennom samarbeid med andre faggrupper få auka kunnskap og erfaring i tverrfagleg samarbeid.

Studenten skal kunne hjelpe pasienten med å få rettmessige trygdeytingar i samanheng med sjukdom.

Innhald

Teoretisk og praktisk undervisning i fagområda:

  • Allmennmedisin inkludert 6 vekers praksisperiode i kommunehelse-tenesta
  • Trygdemedisin
  • Fordøyelse
  • Nyre/urinveier
  • Sirkulasjon
  • Respirasjon
  • Nevrologi
  • Bevegelses apparatet
  • Plastikk kirurgi/småkirurgi
  • Infeksjonar inkl tropemedisin
  • Akuttmedisin og Intensivmedisin
  • Geriatri

Etter fullført emne har studenten følgande læringsutbytte:

Kunnskap

  • Har inngåande kunnskap om korleis greie ut og behandle dei viktigaste symptombilda hos barn, ungdom, vaksne og eldre på alle nivå i helsetenesta innan dei emne som inngår i semesteret
  • Har inngåande kunnskap om kva for tilstander som skal behandlast i primærhelsetenesta og kva som visast til spesialisthelsetenesta.
  • Kan beskrive akutt livstruande sjukdom og har god kunnskap om akutt symptomatisk behandling, prinsipp for kausal behandling, samt kjennskap til meir avanserte metodar for sirkulasjonsstøtte og annan livreddande behandling samt kvar pasienten best skal behandlast.
  • Har avansert kunnskap om kva for tilstandar som krev akutt innlegging i sjukehus
  • Kjenner oppbygginga av primærhelsetenesta og prinsippa for samarbeid og arbeidsdeling i primærhelsetenesta og med resten av helsevesenet
  • Har avansert kunnskap om risikoomgrepet både i høve til individuell sjukdomsrisiko og i individretta førebyggjande arbeid
  • Har inngåande kunnskap om rollen legen har som «portvakt» og «døropnar» i forhold til ytinga frå NAV
  • Veit korleis leger kan bidra til å kartlegge helseproblema i sin kommune i et samfunnsmedisinsk, grupperetta perspektiv

Ferdigheiter

  • Kan gjennomføra konsultasjonar etter den pasientsentrerte kliniske metode med vektlegging på pasientmedverking.
  • Kan greie ut, diagnostisere og behandle dei vanlegaste sjukdommar og akutte tilstander i primær- og spesialisthelsetenesta innan emne som inngår i semesteret
  • Kan gjera eit systematisk journalopptak, stille diagnose/differensialdiagnose, lage individuell utgreiingsplan for å bekrefte korrekt diagnose og i samråd med pasienten lage ein plan for behandling og oppfølging
  • Kan vurdere kva for nivå som er beste egna til å behandle ulike tilstander og eventuelt vise til rett nivå.
  • Kan vurdere om en klinisk problemstilling krev strakstiltak og setje i verk nødvendige akuttmediske tiltak og samarbeide med nødvendige ressursar
  • Kan kommunisere effektivt og profesjonelt med pasientar og pårø-rande om deira behov for helsehjelp, diagnose og behandling evt. behandlingsalternativ
  • Kan ivareta pasient- og brukarperspektivet gjennom å opptre respekt-fullt overfor pasientar uavhengig av helsemessige- og sosiale utfordringar, alder, kjønn, religion, sosial bakgrunn, kultur og politisk ståstad og vere spesielt merksam på dei mest sårbare og vanskelegstilte
  • Kan samhandle med pasientane, andre legar og helsearbeidarar i og utanfor sjukehus
  • Kan utføre vurderingar av pasienten sitt funksjonsnivå og gi nødvendig informasjon til NAV for at pasienten får rettmessige trygde-ytingar
  • Kan bruke elektronisk pasientjournal og elektronisk pasientkurve (EPJ) og forsvarleg dokumentere eige klinisk arbeid

Generell kompetanse

  • Kan utøve legeyrket på ein profesjonell måte
  • Har eit språk og ein framferd som fremmer god og eintydig kommunikasjon og som inngir tillit, samt å tilpasse sin framferd til pasientens alder, kjønn og kulturelle bakgrunn
  • Kan yte tilpassa helsehjelp til pasientar med ulik sosioøkonomisk og kulturell bakgrunn
  • Har god forståing av allmennmedisin som eit lågterskeltilbod for alle typar helseproblem, og allmennlegen sin rolle som koordinator av ulike helsetenester basert på kontinuiteten i lege-pasient-forholdet
  • Kan samfeilbarlighethandle med andre grupper i helsevesenet og har inngåande kjennskap til deira ulike roller og oppgåver
  • Viser evne til kritisk refleksjon kring eigen utøving av legeyrket og være bevisst på kor grensene for eigen fagleg kunnskap går
  • Forstå, akseptera og handtera avgrensingar og feilbarlighet hos seg sjølv, i helsevesenet og hos pasientar og deira pårørande
  • Kan vise innsikt i etiske, juridiske og økonomiske utfordringar relatert til helse og sjukdom
  • Kan presentere medisinsk informasjon strukturelt og poengtert for helsepersonell
  • Kan kommunisere medisinsk informasjon til pasientar og pårørande

Krav til forkunnskapar

Fullført MED10

Krav til studierett

Medisinstudiet

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert i semesteret nytta varierte undervisningsformer som førelesingar, team-basert læring (TBL), case-based læring, klinisk undervisning med pasient i smågrupper og praktiske kurs. Deltaking i vanleg klinisk praksis i kommunehelsetenesta og på Haukeland Universitetssjukehus og på Haraldsplass.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert i semesteret nytta varierte undervisningsformer som førelesingar, team-basert læring (TBL), case-based læring, klinisk undervisning med pasient i smågrupper og praktiske kurs. Deltaking i vanleg klinisk praksis i kommunehelsetenesta og på Haukeland Universitetssjukehus og på Haraldsplass.

Informasjon finnes på Mitt UiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande undervisingsaktivitetar er rekna som obligatorisk:

  • Praksisperiode allmennmedisin og samfunnsmedisin (6 veker)
  • Konsultasjonskurs (2 dagar)
  • Videogrupper allmennpraksiskonsultasjonar (1 dag)
  • Gruppebaserte undervisningsvisittar og deltaking i klinisk undervisning knytt til poster/avdelingar (over 6 veker)
  • Praktisk trening /aktivitetar på ferdigheitssenter
  • Godkjente fleirvalstestar og individuelle oppgåver

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Studenten skal jobbe med arbeidskrava undervegs i semesteret, og mappa skal til slutt innehalde eit utval av følgjande element:

  • Refleksjonsnotat kring erfaringar frå allmennpraksis, og/eller eigne konsultasjonar i allmennpraksis førebudd til videogruppa
  • Refleksjonsnotat omkring samarbeid primærhelsetenesta og sjukehusavdelingar, pasientlogistikk i sjukehus  og tverrfagleg samarbeid etter praksis på mottaksavdelinga
  • Samfunnsmedisinsk oppgåve frå kommunehelsetenesta
  • Kasuistikk basert oppgåve om eit pasientforløp over nivå i helsetenesta
  • Praktisk oppgåve som til dømes pasientkonsultasjon

Informasjon om oppgåvene vil bli gitt på MittUiB.

Mappa vurderast som ein heilskap, og alle element må være bestått for at mappa kan vurderast som bestått.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.

Programansvarleg

Programutvalet for medisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Semesterstyret for 11. semester.

Emneansvarleg institutt: Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Administrativt ansvarleg

Emneansvarleg institutt: Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon