Ellevte semester medisinstudiet

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

«Det vanlege og det som hastar» er sett som overskrift på MED11 der allmennmedisin er største tema.

Gjennom undervising i teori, 6-vekers praksisperiode i kommunehelsetenesta og deltaking i pasientnær undervising på sjukehus skal studentane møta eit stort mangfald av vanlege helseproblem.

Eit viktig element i undervisninga vil vera å identifisera problemstillingar der helsehjelpa hastar. Fleire tema frå spesialistmedisin skal føra vidare undervising i dette semesteret og fordeling av oppgåver mellom fastlege og spesialist vil vera eit gjennomgåande tema. Dette vil studentane få erfaring med både i allmennpraksis og i praksis på mottaksklinikken. I pasientmøte skal studentane arbeida etter pasientsentrert metode, der dei og må bruka tidlegare tileigna kunnskap om kommunikasjon og sosio-økonomisk og kulturelle forskjellar i møte med pasientar. Studenten skal gjennom samarbeid med andre faggrupper få auka kunnskap og erfaring i tverrfagleg samarbeid.

Studenten skal kunna hjelpa pasienten med å få rettmessige trygdeytingar i samband med sjukdom.

Innhald

Teoretisk og praktisk undervisning i fagområda:

  • Allmennmedisin inkludert 6 vekers praksisperiode i kommunehelse-tenesta
  • Trygdemedisin
  • Fordøyelse
  • Nyre/urinveier
  • Sirkulasjon
  • Respirasjon
  • Nevrologi
  • Rørsleapparatet
  • Plastikk kirurgi/småkirurgi
  • Infeksjonar inkl tropemedisin
  • Akuttmedisin og Intensivmedisin
  • Tverrprofesjonell læring (TVEPS)

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført semester skal studenten:

  • ha inngåande kunnskap om dei vanlegaste symptoma pasientar søkjer helsehjelp hjå allmennlegen for, og utgreiing av desse
  • ha inngåande kunnskap om utgreiing og behandling av dei vanlegaste sjukdommane i allmennpraksis og kva tilstandar som skal henvises til spesialisthelsetenesta
  • ha inngåande kunnskap om allmennmedisinske rammer og forskjellane mellom den uselekterte pasientpopulasjonen som oppsøkjer allmennpraksis og den selekterte pasientpopulasjonen i spesialisthelsetenesta
  • ha brei kunnskap om vurdering av samtykkekompetanse og kriteria for tvang og lovverket som omhandlar tvangstiltak
  • ha brei kunnskap om helsefremjande faktorar på individ og samfunnsnivå, og samanhengen mellom helsemessige og sosiale problem
  • ha inngåande kunnskap om kva tilstandar som skal innleggjast akutt i sjukehus
  • har inngåande kunnskap om akuttbehandling og utgreiing av pasientar med livstruande tilstandar
  • ha inngåande kunnskap om rasjonelle utgreiingsalgoritmar for pasientar med dei vanlegaste presentasjonsformene i akuttmottak
  • kunne identifisera spesielle helsebehov i flyktning- og migrantpopulasjonen, inkludert dei som kjem av traume og brot på menneskerettar, og foreslå relevante tiltak

Ferdigheiter

Etter fullført semester kan studenten:

  • gjennomføra ein fullstendig konsultasjon etter pasientsentrert klinisk metode, greia ut dei viktigaste symptombileta i ulike aldersgrupper og setja i verk behandling for dei viktigaste sjukdommane i allmennpraksis
  • føre elektronisk pasientjournal og forsvarleg dokumentera eige klinisk arbeid og vurderingar
  • gjera systematisk journalopptak, stille diagnose/differensialdiagnose, laga individuell utgreiingsplan og i samråd med pasienten laga ein plan for behandling og oppfølging
  • rekvirera laboratorieprøver, røntgenundersøkingar og vurdera nytta av henvisning til spesialist med eit problemorientert perspektiv
  • forma ut gode henvisningar, legeattestar, sjukmeldingar, erklæringar til NAV og forsikringsselskap
  • vurdera om pasienten har samtykkekompetanse
  • rettleia pasientar i lærings-, meistrings-, og endringsprosessar
  • vurdera om ei klinisk problemstilling krev strakstiltak, setja i verk nødvendige akuttmedisinske prosedyrar og samarbeide med nødvendige ressursar
  • kommunisera effektivt og profesjonelt både munnleg og digitalt med pasientar og pårørande om behov for helsehjelp, diagnose og behandling
  • nytta sentrale nasjonale faglege retningslinjer, lokale prosedyrar og verktøy for kunnskapsstøtte
  • vareta teieplikt og personvern i praktisk pasientarbeid.
  • handtera akutte livstruande tilstandar i akuttmottak under dette deltaking i teambasert behandling på nivå med LIS1 lege.
  • handtera eit breitt spekter av pasientar i mottak på ein måte som varetek både pasienttryggleik og god ressursbruk
  • bruka relevante metodar for å vurdera risiko for uønskte hendingar og bidra til forbetring og auka pasienttryggleik ved å ha fokus på systematisk kvalitetsforbetring
  • rekvirera legemiddel, gjennomføra legemiddelsamstemming og systematisk legemiddelgjennomgang
  • drøfta korleis marginalisering, stigmatisering, diskriminering og rasisme påverkar både helse og helseåtferd, og dessutan korleis helsepersonell kan bidra både til å forsterka og minimalisera dei

Generell kompetanse

Etter fullført semester skal studenten

  • utøva legeyrket på ein profesjonell måte
  • ha eit språk og ei åtferd som fremjar god og eintydig kommunikasjon, er tillitsvekkjande og tilpassa alderen, kjønnet og kulturelle bakgrunnen til pasienten
  • kunne samhandla tverrprofesjonelt
  • visa evne til kritisk refleksjon rundt eiga yrkesutøving, vera klar over eige kunnskapsnivå
  • ha innsikt i etiske, juridiske og økonomiske utfordringar relatert til helse og sjukdom
  • kunne reflektera over samfunnsansvaret til legen, og dessutan rolla til legen som pasientbehandlar, helsefremmer, omsorgsperson, folkeopplyser, forvaltar av velferdsgode, forkjempar for utjamning av sosiale forskjellar i helse og koordinator av helsetenester.

Studiepoeng, omfang

27 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masteremne

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen og andre kommunar på Vestlandet i 6 vekers praksisperiode
Krav til forkunnskapar
Fullført MED10
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert i semesteret nytta varierte undervisningsformer som førelesingar, team-basert læring (TBL), case-based læring, klinisk undervisning med pasient i smågrupper og praktiske kurs. Deltaking i vanleg klinisk praksis i kommunehelsetenesta og på Haukeland Universitetssjukehus og på Haraldsplass.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert i semesteret nytta varierte undervisningsformer som førelesingar, team-basert læring (TBL), case-based læring, klinisk undervisning med pasient i smågrupper og praktiske kurs. Deltaking i vanleg klinisk praksis i kommunehelsetenesta og på Haukeland Universitetssjukehus og på Haraldsplass.

Informasjon finnes på Mitt UiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande undervisingsaktivitetar er rekna som obligatorisk:

  • Praksisperiode allmennmedisin og samfunnsmedisin (6 veker)
  • Konsultasjonskurs (2 dagar)
  • Videogrupper allmennpraksiskonsultasjonar (1 dag)
  • Gruppebaserte undervisningsvisittar og deltaking i klinisk undervisning knytt til postar/avdelingar (over 6 veker)
  • Praktisk trening /aktivitetar på ferdigheitssenter
  • Tverrprofesjonell læring (TVEPS) (2 dagar)
  • Godkjende fleirvalstestar og individuelle oppgåver

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Studenten skal jobba med arbeidskrava undervegs i semesteret, og mappa skal til slutt innehalde eit utval av følgjande element:

  • Refleksjonsnotat kring erfaringar frå allmennpraksis, og/eller eigne konsultasjonar i allmennpraksis førebudd til videogruppa
  • Refleksjonsnotat kring samarbeid mellom primærhelsetenesta og sjukehusavdelingar, pasientlogistikk i sjukehus og tverrfagleg samarbeid etter praksis på mottaksavdelinga
  • Samfunnsmedisinsk oppgåve frå kommunehelsetenesta
  • Andre skriftlege oppgåver, til dømes å laga ei fleirvalsoppgåve
  • Praktisk oppgåve som til dømes pasientkonsultasjon
  • Semester-kviss

Informasjon om oppgåvene vil bli gjeve på MittUiB.

Mappa blir vurdert i heilskap, og alle element må vera bestått for at mappa kan vurderast som bestått.

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.
Programansvarleg
Programutvalget for medisin (PUM)
Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)