Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fjerde semester medisinstudiet

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet MED4 gir kunnskap om korleis kroppen er bygd og fungerer, med vekt på indre organ. Homeostatiske prinsipp, og forståing av korleis organismen reagerer på avvik frå normaltilstand blir vektlagd. Emnet gir og kunnskap i basal og klinisk mikrobiologi, miljømedisin og samfunnspåverknad samt allmennmedisin. Trening i akademisk lesing og skriving fortsetter frå MED3, samt ein introduksjon til forskingsetikk.

Studentane skal i ei vekes praksis ved sjukehus, og i tillegg ein halv dags utplassering i allmennmedisin.

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • menneskekroppen sin oppbygnad og funksjon
  • samanhengen mellom struktur, celletype og organfunksjon
  • kontroll av celle- og organfunksjon
  • konsekvensar og tilpassingar ved bortfall av normal funksjon i utvalde organ og reguleringssystem
  • kva for endringar og tilpassingar i kroppen som vert utløyst av endringar av ytre (f.eks. temperatur, arbeid) og indre (f.eks. graviditet, pubertet) faktorar
  • sjukdomsframkallande mikroorganismar
  • grunnleggande kliniske metodar knytt til vanlege presentasjonssymptom i allmennpraksis
  • koordinatorfunksjonen og organisering av allmenn- og fastlegepraksis
  • miljøet sin effekt på menneska si helse, vitskapen om den sjukdomsførebyggande og sunnheitsfremjande medisin

Ferdigheiter; etter fullført emne kan studenten

  • forklare korleis menneskekroppen fungerer og kva for endringar og tilpassingar på molekylært, cellulært, organ- og heile kroppen sitt nivå som vert utløyst av utvalde ytre faktorar og sjukdom
  • dissekere og identifisere organ og strukturer i anatomiske preparat og demonstrere korleis desse er relatert til kvarandre.
  • identifisere celletypar og opphavsorgan frå histologiske preparat ved hjelp av lysmikroskop
  • undersøke menneske og kunne projisere organa i normal posisjon, storleik og form.
  • utføre utvalde fysiologiske forsøk og analysere og forstå resultata frå desse forsøka
  • utføre EKG og spirometri-opptak (nivå 1 i prosedyrelista) og grunnleggande tolking av disse
  • manuellblodtrykksmåling på armen (nivå 1)
  • urinmikroskopi og stix (nivå 1) og grunnleggjande tolking av disse
  • utføre undersøking av perifer sirkulasjon og systolisk blodtrykksmåling på ankelen (nivå 1)
  • prøvetaking og handtering av mikrobiologiske og serologiske prøver (nivå 2)
  • prøvetaking og handtering av venøs blodprøve til blodkultur (nivå 1)
  • framstille og vurdere grampreparat (nivå 2)
  • dyrke og identifisere dei viktigaste patogene mikroorganismane
  • bruke hurtigtestar for påvising av mikrober og antistoff (nivå 1)
  • identifisere, analysere og handtere vanskelige etiske dilemma

Generell kompetanse, studenten skal kunne:

  • anerkjenne etikken bak det å gje kroppen sin til disseksjon, og vise respekt gjennom verdig framferd
  • ha god kjennskap til normal anatomi og fysiologi og integrere den basale kunnskapen for å forstå og forklare ulike sjukdommar og tilstander
  • forklare normalfunksjon og sjukdom ved å integrere kunnskap frå fleire fag og emne og bruke denne kunnskapen til å nærme seg legeyrket på en god og forsvarlig måte.
  • det grunnleggande i konsultasjonsprosessen og ha evne til refleksjon over legerollen og utøvinga av legeyrket
  • skriftleg og munnleg formidling av kompleks og samansett informasjon
  • vurdere vitskapeleg usikkerheit, motsetnader og hypotesar

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vil bli brukt varierte undervisningsformer. Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på praktiske kurs
  • Deltaking på TBL
  • Godkjende testar undervegs i semesteret
  • Godkjende individuelle og gruppebaserte innleveringar

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.

Vurderingsformer

Digital skriftleg eksamen 6 timer. TBL-fleirvalgsoppgåver.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.

Programansvarleg

Programutvalet for medisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Semesterstyret for fjerde semester.

Emneansvarleg:

Olav Tenstad, http://uib.no/personer/Olav.Tenstad

Emneansvarleg institutt: Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

Ulike faglege ansvarlege for kvar del av emnet.

Administrativt ansvarleg

Emneansvarleg institutt: Institutt for biomedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

studie@biomed.uib.no

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

Emneansvarleg:

Olav Tenstad, http://uib.no/personer/Olav.Tenstad

Ulike faglege ansvarlege for kvar del av emnet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    01.10.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen