Hjem
Studentsider
Masteremne

Åttande semester medisinstudiet

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen og Førde/Haugesund/Stavanger

Mål og innhald

Første gong det var undervisning i dette emnet var våren 2017.

Semesteret er delt i to:

1. Teoretisk og praktisk undervisning i Bergen (9 veker) i fagområda:

  1. Plastikkirurgi og småkirurgi
  2. Nyrer/urinvegar, del 2
  3. Endokrinologi, del 2
  4. Blod, del 2
  5. Hud
  6. Patologi

Det vert også eit kurs i reseptlære.

2. Praksis ved samarbeidande sjukehus på Vestlandet (8 veker) med vekt på indremedisin, kirurgi, røntgen og anestesi.

Hensikta med utplasseringsperioden i Førde/Haugesund/Stavanger er at studentane skal lære gjennom praktisk pasientnær klinisk erfaring og undervisning. Studentane skal få trening i å kommunisere med pasientar og pårørande, klinisk undersøking, vurdering av symptom og funn, differensialdiagnostiske vurderingar og i å føreslå utgreiing og behandling. Mest mogeleg av læringa skal skje ved å ta aktivt del i dei daglege rutinane i sjukehuset.

Den siste veka i semesteret er avsett til munnleg eksamen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter gjennomført semester har studenten:

  • innsikt i symptom, funn, diagnostikk, behandling og oppfølging ved vanlege akutte og kroniske sjukdomar og skadar for fagområda i semesteret
  • innsikt i korleis ein basert på det systematiske journalopptak (klinisk evaluering) stiller diagnose/differensialdiagnose og lagar plan for utgreiing og behandling av individuelle pasientar
  • innsikt i indikasjonar for vanlege biokjemiske prøvar, patologiske undersøkingar og radiologiske undersøkingar for fagområda i semesteret
  • innsikt i grunnleggjande farmakologiske prinsipp til bruk i medikamentell behandling av vanlege sjukdomar i semesteret
  • innsikt i indikasjonar, kontraindikasjonar og dei vanlegaste komplikasjonane til vanlege undersøkingar og prosedyrar for fagområda i semesteret

Ferdigheitar

Etter gjennomført semester kan studenten:

  • utføra fullstendige og systematiske journalopptak med anamnese og klinisk undersøking for å kunne vurdere sjukdom og skade i fagområda i semesteret
  • diagnostisera og behandla vanlege sjukdomar og skadar i fagområda i semesteret
  • gje informasjon til pasientar og pårørande om dei vanlegaste sjukdomane og dei aktuelle behandlingsalternativa i fagområda i semesteret

 

Generell kompetanse

Etter gjennomført semester kan studenten:

  • opptre profesjonelt og med respekt i relasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • presentera medisinsk informasjon strukturert, logisk og poengtert i ein profesjonell samanheng samt empatisk og kunnskapsfremjande til pasientar og pårørande
  • om kommunikasjon, teamarbeid og organisering ved akuttmedisinske situasjonar
  • om organisering av samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta

Krav til forkunnskapar

Fullført MED7

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert i studiet varierte undervisningsformer som førelesingar, team-basert læring (TBL), klinisk undervisning med pasient, kliniske smågrupper og praktiske kurs. Deltaking i vanleg klinisk praksis på utplasseringssjukehus og på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.

Informasjon finnes på Mitt UiB.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk deltaking på all undervisning med pasient, gruppeundervisning og praktiske kurs. Deltaking på TBL er obligatorisk.

Praksisopphald på samarbeidande sjukehus i Førde, Haugesund eller Stavanger er ein del av det obligatoriske studieopplegget, og står for mykje av den pasientnære undervisninga.

Det vil verte nytta tenestekortregistrering av all obligatorisk aktivitet på utplasseringssjukehus og i Bergen.

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til skriftleg og munnleg eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • Digital skriftleg eksamen som varer i 5 timar og består hovudsakleg av MCQ-spørsmål og nokre kortsvarsspørsmål. Eksamenen er i innhald fordelt etter studiepoeng for kvart fagområde.
  • Munnleg eksamen: Alle skal opp til munnleg eksamen. Det er ein eksamen på 30 minutt med pasient/case frå eit av fagområda i semesteret.
  • Etter reseptlærekurset vil det verte gjennomført ein MCQ-test samt oppgåver der studentane skal skrive reseptar til oppgitte kasuistikkar.

Det vert gitt ein samla karakter for semesteret, der skriftleg eksamen tel 75% og munnleg 25%.

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til skriftleg og munnleg eksamen.

Grunna utbrotet av COVID-19 (koronavirus) vil det for vårsemesteret 2021 vere endring i vurderingsform, med heimel i studietilsynsforskrifta § 2-7.

Endring våren 2021:

Våren 2021 blir skriftleg skuleeksamen gjennomført som ein 5 timars digital skriftleg heimeeksamen.

Karakterskala

A - F

Grunna utbrotet av COVID-19 (koronavirus) vil skriftleg eksamen i vårsemesteret 2021 bli arrangert som heimeeksamen med karakterskala bestått/ikkje bestått, med heimel i studietilsynsforskrifta § 2-7.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vera klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert ved avslutning av kvart semester.

Kontakt

Studiekoordinator: Kristine Vinje Haukaas

Kristine.Haukaas@uib.no

(høstsemesteret 2021)

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg+munnleg

    Trekkfrist
    01.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      15.10.2021, 09:00
      Varigheit
      5 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Muntleg

      Eksamensperiode
      13.12.2021–17.12.2021
  • Vurderingsordning: Skriftleg+munnleg (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    01.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      03.09.2021, 09:00
      Varigheit
      5 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Muntleg

      Dato
      22.10.2021, 09:00
  • Vurderingsordning: Skriftleg+munnleg (Utsatt eksamen)

    Trekkfrist
    01.09.2021
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

    • Eksamensdel: Muntleg