Epidemiologiske prinsipp og metodar

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Epidemiologi er læra om sjukdommar og sjukdomsframkallande faktorar si utbreiing i befolkinga (deskriptiv epidemiologi) som vert studert med formål å avdekke årsaker til sjukdom (analytisk epidemiologi). Epidemiologi er eit metodefag for medisinsk årsaksforsking. Epidemiologi er det metodologiske grunnlaget for førebyggjande medisin som har som mål å redusere førekomsten av sjukdom og dårleg helse i befolkninga. Faget omfattar også kunnskap om dei ulike sjukdommane si utbreiing i tid og stad relatert til kven som vert sjuke (tid-stad-person).

Førelesingane vil mellom anna ta for seg kausalitet, sjukdoms/assosiasjonsmål, studiedesign, systematiske feilkjelder og utvalde typar epidemiologi og tene som grunnlag for gruppearbeida.

Gruppearbeida vil bestå av litteraturstudiar og diskusjon av ulike metodologiske problem i forbindelse med tolking av resultat frå desse.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane:

  • kjenne til grunnleggjande epidemiologiske prinsipp og metodar
  • ha oversikt over epidemiologisk terminologi
  • ha innblikk i korleis epidemiologisk metode kan nyttast til å forske på årsak til sjukdom og å førebygge sjukdom

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • diskutere hovudtypane av studiedesign og deira styrke og ulemper
  • forstå mål på førekomst av sjukdom, mål på assosiasjonar, effektmodifikasjon/interaksjon, og prinsipp for screening
  • vurdere moglege feilkjelder og kausalitet i publiserte studiar
  • bruke kunnskapen til sjølv å kunne planleggje og gjennomføre slike studiar

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane:

  • ha nødvendig faktakunnskap for sjølvstendig å kunne vurdere publiserte studiar knytt til medisinsk årsaksforsking

ha evne til å reflektere kritisk over vitskapeleg litteratur og kunne delta i diskusjonar

Undervisingsperiode

Haust

Minimum deltakarar: 10

Maksimum deltakarar: 40

Undervisingsspråk

Norsk.

Anbefalt kurslitteratur og ein del av kursmateriellet vil vere på engelsk.

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom Studentweb innan 1. september.

Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. september: www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. juni: www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel om kursdeltakarane har gjennomført "Grunnkurs i medisinsk og helsefaglig forsking" før kurset

Vurderingsform

Heimeeksamen.

Bestått/ikkje bestått

Kjernelitteratur

Anbefalt litteratur: Rothman KJ. Epidemiology. An Introduction (223 sider). Oxford University Press, New York 2002.