Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Grunnlagsproblemer i samfunnsmedisin og helsevitenskapleg forskning essay

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

Kurset skal kaste lys over vitskapsteoretiske og vitskapshistoriske tema med særleg relevans for samfunnsmedisinsk og helsefagleg forsking.

Kurset skal stimulere til refleksjon og verke samanbindande og identitetsskapande.

Studentseminar

Deltakarane på emneserien vert oppmoda til å skrive eit essay (ca. 15 sider), der dei kritisk vurderer ph.d.-avhandlinga si i lys av eitt eller fleire av emna i serien. Essayet kan til dømes vere ein del av kappa eller utkast til eit teorikapittel. Deltakarane får i oppdrag å vere opponentar. Deltaking med innsendt essay gjev 1 studiepoeng. Studentseminar vert arrangert i slutten av kvart semester.

Læringsutbyte

Essayskriving byggjer på deltaking på eit av emna i emneserien "Grunnlagsproblem i samfunnsmedisin og helsefag"

Kunnskapar

Etter gjennomført emne skal kandidatane:

  • Ha kjennskap til grunnleggjande element i naturvitskapleg og humanistisk/samfunnsvitskapleg forsking innanfor samfunnsmedisin og helsefag.
  • Ha innsikt i og medvit om ulike forståingsformer og tenkemåtar i dei to vitskapstradisjonane, og korleis desse har utvikla seg historisk og internasjonalt.
  • Ha innsikt i sentrale teoriar og omgrep i samfunnsmedisin og helsefag, kva dei rommar og korleis dei vert nytta i praktisk helsefagleg verksemd.

Ferdigheiter

Etter gjennomført emne skal kandidatane kunne:

  • Dra inn og formulere relevante synsmåtar frå andre vitskapstradisjonar i eiga forsking.
  • Diskutere og nytte relevante omgrep i eiga forsking, og i diskusjonen vere medvetne om at omgrepa kan vere mangetydige og problematiske.
  • Bidra til utvikling av tverrfaglege forskingsprosjekt og andre former for samarbeid.

Generell kompetanse

Etter gjennomført emne skal kandidatane:

  • Kunne samarbeide på tvers av vitskapstradisjonar og forskingsmiljø.
  • Ha eit utvida nettverk av relevante samarbeids- og ressurspersonar i og utanfor eige fagfelt.
  • Ha oppøvd evna til kritisk og kreativ tenking.
  • Kunne formilde forsking med ambisjon om å nå eit vidare publikum enn dei med kjennskap til eige fagfelt.

Formelle krav

Obligatoriske arbeidskrav

Skriving, innsending og presentasjon av essay.

Deltakarane på emneserien "Grunnlagsproblem i samfunnsmedisin og helsefag" vert oppmoda til å skrive eit essay (rundt 15 sider), der dei kritisk vurderer avhandlinga si i lys av eitt eller fleire tema i emneserien.

Kven kan delta

ph.d.-kandidatar

Utfyllande informasjon

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: post@igs.uib.no

Eksamensinformasjon