Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Kvalitative metoder i allmennmedisinsk forsking

  • Studiepoeng1
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMEDKVAL1
  • Ressursar

Hovedinnhold

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

Overordna mål:

Kurset skal gjere nybyrjarar innsyn i kva kvalitative forskningsmetoder er, og korleis dei best kan brukast.

Kurset skal gje kandidaten ein basisinnføring i grunnleggjande prinsipp og prosedyrer og vise likskap og forskjeller mellom kvalitative og kvantitative forskningsmetoder. Kandidaten skal få innsyn i vitenskapelege kvalitetskrav og forstå kva for refleksjonar og valg i forskningsprosessen som kan gjere ein forskjell i denne forskningstradisjonen.

Innhald:

Tre-dagars kurs med førelesing om utvalde tema, mykje tid til gruppearbeid der eige prosjekt vert drøfta konkret ut frå tema frå førelesingane

Formelle krav

Vurderingsform

Gruppearbeid med rettleiar.

Kven kan delta

Naudsynte føresetnader for deltaking er opptak i ph.d-program og dessutan påbyrja eller konkret planlagt eige prosjekt med kvalitativ metode. Ved overtegning vil søkarar som er teke opp i Nasjonal forskerskole i allmennmedisin og andre søkarar som er knytte til dei allmennmedisinske forskingsmiljø gjevast prioritet. Ved påmelding må opplysast om: forskingsansvarlig institusjon og forskingsgruppe; tittel på kvalitativt forskingsprosjekt; når ph.d-prosjektet vert forventa fullført.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Ein føresetnad for deltaking er påbegynt eller konkret planlagt eige prosjekt med kvalitativ metode.

Program

Tre påfølgjande kursdagar med forelesingar, gruppearbeid og diskusjon i plenum. Ein stor del av kurset omfattar rettleiing på eige prosjekt i smågruppe. Medlemmer av kurskomiteen vil halde foredrag og leie gruppearbeid.

Tre-dagars kurs med 25 undervisningstimar.

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no

Emneansvarleg:

Stefan Hjørleifsson - http://www.uib.no/personer/Stefan.Hjorleifsson

Fagleg ansvar

Emneansvarleg:

Stefan Hjørleifsson - http://www.uib.no/personer/Stefan.Hjorleifsson

Tilknytt Den nasjonale forskarskulen i allmennmedisin

Kjernelitteratur

Vil bli avtalt 4 uker før kursstart.