Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Kvalitative forskningsmetoder - fordjuping i analysemetoder og tradisjonar

  • Studiepoeng3
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEDKVFORSK2
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

Hovudmålet med emnet er å gi kandidatane inngåande kjennskap til ulike framgangsmåtar for analyse av kvalitativt forskingsmateriale og deira ankring i ulike teoretiske perspektiv og tradisjonar.

Emnet er ei vidareføring av emnet MEDKVFORSK, der fokuset er ei fordjuping i kvalitative forskingsmetodar generelt. I MEDKVFORSK2 vil ein gå djupare inn i sjølve analysearbeidet ut frå ulike forskingstradisjonar som den pragmatiske -, fenomenologiske -, narrative - og etnografiske tradisjon. Ein vil ha særskilt fokus på korleis kunnskapsteori og metodologiske føresetnader innan dei ulike tradisjonane får konsekvensar for analysearbeidet. Utvikling av kandidaten sine analytiske evner i møte med forskingsmaterialet blir lagt vekt på. Det vert difor lagt opp til oppgåver og munnleg presentasjon, der ein venter høg grad av eigeninnsats og at kandidaten utviklar evne til sjølvstende.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har kandidaten fylgjande læringsutbyte i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • kan vise inngåande innsikt i og avansert forståing for ulike tradisjonar si teoretiske og metodologiske føresetnader for analyse av kvalitativt forskingsmateriale
  • kan vurdere det hensiktsmessige i bruk av ulike metodar for analyse av kvalitativt forskingsmateriale

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan vise at analysemetode er vald på bakgrunn av studien si hensikt og forskingsmaterialet si eigenart
  • kan reflektere over og utfordre vitskaplege analysemetodar og tilnærmingar på eige og tilgrensande område

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan gjennomføre kvalitativ analyse etter anerkjente kriterier for kvalitet og med høg grad av fagleg integritet
  • kan identifisere etiske problemstillingar og problemfelt relatert til analyse av kvalitativt forskingsmateriale
  • har inngåande innsikt i mogelegheiter og begrensingar i val av metodiske tilnærmingar til analyse av kvalitativt forskingsmateriale

Undervisningsperiode

Vår
Minimum antall deltakere 10 kandidater
Maksimum antall deltakere 15 kandidater

Vår 2018

SAMLING I: 14., 15. & 16. mars

SAMLING II: 14. mai

Utfyllende program

Studiepoeng

3 studiepoeng

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Via StudentWeb for PhD-kandidater ved UiB. PhD-kandidater/søkere ved eksterne institusjoner må søke hospitantrett innen 31. januar, se: http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett#ph-d-kandidater-ved-andre-universiteter

Krav til forkunnskapar

Mastergrad

Kandidatane må ha eit kvalitativt forskingsprosjekt som (del av) sitt doktorarbeid.

Obligatoriske arbeidskrav

- obligatorisk deltakelse på hele kurset

- kort beskriving av eige prosjekt, samt skisse til begrunning for val av analytisk framgangsmåte. Denne skal sendes inn samstundes med påmelding til kurset

- munnleg presentasjon (inkludere power-point presentasjon med noter) med tanke på val av analytisk framgangsmåte og førebels analyse av eige forskingsmateriale, som gruppa får i forkant av samling I (individuelt)

- munnleg presentasjon (inkludert power-point presentasjon med noter) med analyse av utdelt tekst (samling II) (gruppeoppgåve)

- fungere som «opponent» ved framlegg frå ein annan deltakar (mottar power-point presentasjon med noter før samlinga)

- bidra aktivt i diskusjonane

- orientere seg i ressurslitteraturen

Vurderingsform

To oppgåver knytt til analyse skal løysast og leggast fram munnleg, ein individuelt og ein i gruppe. I samanheng med dette skal det leverast inn power-point presentasjon med noter til begge oppgåver i forkant av samlingane, tilbakemelding frå kursleiarar.

Bestått/ikkje-bestått

Kven kan delta

PhD-kandidatar som er tatt opp i phdprogrammet ved Det medisinske fakultet, ved Høgskolene Molde og Volda prioriterast samt høgskulelektorar ved Høgskolen i Molde og VID vitenskapelig høgskole, Bergen . Eksterne PhD-kandidater er velkommen til å søke.

minimum antall deltakere 10 kandidater

maksimum antall deltakere 15 kandidater

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Emnet organiserast som to samlingar: første samling på tre dagar, siste på ein dag. Som førebuing skal kandidaten kort gjere greie for eige prosjekt, inkludert hensikt, problemstilling og metodisk framgangsmåte (ca. 300 ord). Det skal i tillegg gis ei skisse knytt til val av analytisk framgangsmåte med grunngjeving i forskingsmaterialets eigenart og studien si ankring i forskingstradisjon (ca. 700 ord), til saman ca. 1000 ord. Denne sendes inn saman med søking om opptak.

Omfang: Samling I: Kvar kandidat presenterer munnleg ei skisse til val av analytisk framgangsmåte med grunngjeving og førebels analyse (15 min.), opposisjon frå med-student (10 min.), tilbakemelding frå emneleiarane (10 min) følgt av plenumsdiskusjon (10 min), til saman 45 minutt på kvar. I samling II presenterer kvar gruppe munnleg løysing av gruppeoppgåva (analyse av utdelt tekst) (15 min), plenumsdiskusjon følgjer (15 min.) og tilbakemelding frå kursleiarane (15 min.), til saman 45 minutt på kvar presentasjon.

Kurset strekk seg over fire dagar med ca. fem timar kvar dag; totalt ca. 20 timar. Førebuing til emnet (orientere seg i litteraturen til emnet, utarbeide beskriving av eige prosjekt og førebu power-point presentasjon med noter, munnleg presentasjon og opposisjon til med-student) ca. 30 timar. Arbeid med gruppeoppgåve mellom samlingane, førebu power-point presentasjon med noter samt munnleg presentasjon til siste samling: ca. 25 timer. Til saman: 30 + 25 + 25=80 timar, dvs. 3 studiepoeng.

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no

Emneansvarleg:

Målfrid Råheim: http://www.uib.no/personer/Malfrid.Raheim

Fagleg ansvar

Kurset arrangeres i samarbeid mellom Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Molde og VID vitenskapelige høgskole

Kjernelitteratur

Litteraturliste: V 2016

Hollstein, J. A., & Gubrium, J. F. (eds.) (2012). Varieties of Narrative Analysis. Introduction, pp. 1-11. Los Angeles: SAGE Publications.

Knodel, J. (1993). The design and analysis of focus group studies. In D. L. Morgan (ed.) Successful Focus Groups, pp. 35-50. Newbury Park: SAGE Publications.

Patton, M. Q. (2015). Qualitative Research and Evaluation Methods. Part 3: Analysis, Interpretation, and Reporting, pp. 519-651. Thousand Oaks: SAGE Publications.

Malterud, K. (2011). (3. utg.) Kvalitative metoder i medisinsk forskning ¿ en innføring. Kap. 7: Transkripsjon, s. 75-81, kap. 8: Målet for analysen, s. 82 ¿ 90, og kap. 9: Analyse av kvalitative data, s. 91 ¿ 113. Oslo: Universitetsforlaget.

Malterud, K. (2012). Systematic text condensation: A strategy for qualitative analysis. Scandinavian Journal of Public Health, 40, 8, 795-805.

Thorne, S. E. (2008). Interpretive Description. Walnut Creek: Left Coast Press.

Wertz, F. J., Charmaz, K., McMullen, L. M., Josselson, R., Anderson, R., & McSpaden, E. (2011). Five Ways of Doing Qualitative Analysis. Phenomenological Psychology, Grounded Theory, Discourse Analysis, Narrative Analysis, and Intuitive Inquiry. New York: The Guilford Press.

Også anbefalt:

Bazeley, P. (2013). Qualitative Data Analysis ¿ Practical Strategies. Los Angeles: SAGE.

Undervisningsperiode

Vår
Minimum antall deltakere 10 kandidater
Maksimum antall deltakere 15 kandidater

Vår 2018

SAMLING I: 14., 15. & 16. mars

SAMLING II: 14. mai

Utfyllende program