Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Grunnkurs i medisinsk og helsefagleg forsking

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk.

Kursinnhald

Føremålet med kurset er å gjere kandidatane fortruleg med grunnleggjande forskingsmetodar i medisinsk og helsefagleg forsking. Kurset skal gje innsyn i fasane i forskingsprosessen, frå formulering av problemstilling og oppstilling av testbare hypotesar via prosjektplanlegging, metodar for innsamling og analyse av data, til presentasjon, skriving og publisering av forskingsresultat. Kurset vil også innehalde den obligatoriske delen av utdanninga innan forskingsetikk og vitskapsfilosofi.

Hovudmålet er å presentere ein samla oversikt over dei ulike stadia i forskingsprosessen. Forskarutdanning er eit satsingsområde for Universitetet i Bergen og det vil leggast stor vekt på at kurset skal halde høg kvalitet, og ha ein internasjonal profil med fokus på tverr- og fleirfaglege område. Kurset vil også gje ein kort introduksjon til nokre nye og avanserte forskingsteknikkar.

Studentane er forventa å bruke Mi Side til å hente ut førelesningsnotatar og kursinformasjon.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

- Meistre grunnleggjande element i vitskapsteorien innanfor fagområdet.

- Vurdere føremonene med og bruksmåten av ulike metodar og prosessar i forsking.

- Forstå og kunne bidra til å utvikle ny kunnskap, nye teoriar, metodar, fortolkingar og dokumentasjonsformer innanfor fagområdet.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

- Formulere problemstillingar, planleggje og gjennomføre forsking/ prosjekt.

- Bidra til framifrå forsking som held internasjonal standard.

- Reflektere over og utfordre etablert kunnskap og praksis på eige og tilgrensande fagområde.

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

- Identifisere relevante etiske problemstillingar og gjennomføre forsking med fagleg integritet.

- Delta i tverrfaglege arbeidsoppgåver og prosjekt.

- Formidle forskings- og utviklingsarbeid gjennom velrenommerte nasjonale og internasjonale kanalar.

- Forstå behovet for innovasjon.

Undervisningsperiode

Vår og haust. Veke 10 og 11 og veke 46 og 47. Deretter to vekers heimeeksamen

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding via Studentweb innen 1. februar og 1. september for interne kandidater. Eksterne søkjarar må bruke eige skjema som finnes på https://www.uib.no/med/66215/hospitantstudierett#eksternhospitant og søkje innan 1. juni og 1. desember.

Kurset er åpent for alle som er tatt opp til eit ph.d. program ved eit norsk eller utenlandsk universitet. Forskarlinestudentar ved Det medisinske fakultet har prioritet til kurset, og interne ph.d.-kandidater på fakultetet prioriteres foran eksterne.

Krav til forkunnskapar

Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlina.

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.

Inngår i opplæringsdel

Kurset er anbefalt for alle som er teken opp på doktorgradsprogrammet ved Det medisinske fakultet samt studentar på Forskarlina ved Det medisinske fakultet, og dekkjer dei obligatoriske krava til vitskapsteori og etikk i opplæringsdelen i forskarutdanninga. Det er ønskeleg at alle tar kurset det første året dei er på programmet, eller når forskarlinestudentane har permisjon frå medisinstudiet for å drive forsking på full tid.

Vurderingsform

Skriftlig hjemmeeksamen (min. 1000 ord) som leveres senest ti arbeidsdager etter siste kursdag. Mer informasjon om eksamenen deles ut på siste kursdag. Eksamensbesvarelsene vil bli sendt til elektronisk plagiatkontroll.

Kven kan delta

Kurset er åpent for alle som er teken opp til eit ph.d.- program ved eit norsk eller utanlandsk universitet. Forskarlinestudentar ved Det medisinske fakultet har prioritet til kurset, og interne ph.d.-kandidatar på fakultetet vil verte prioritert foran eksterne.

Utfyllande informasjon

Program

Kurset består av ei blanding av førelesingar og øvingsarbeid med vekt på arbeid i grupper. Deltakarane må rekne med å arbeide med kurset også om kveldane i kursperioden.

Kurset går føre seg intensivt i to veker. Obligatoriske førelesingar og gruppearbeid kl 9-16 kvar dag i kursperioden.

Det er ein føremon å ha med bærbar PC til gruppeøvingane.

Fagleg ansvar

Adm. ansvarleg: Forskningsadministrativ seksjon, Det medisinske fakultet, tlf. 55 58 66 69, e-post: phd@mofa.uib.no

Kostnad

Kun eksterne deltakarar vil verte avkrevd ein kursavgift på kr. 3000,-.

Kjernelitteratur

Kjernelitteratur

 -Carlsen KCL, Staff A, Arnesen H, Bechensteen AG, Jacobsen AF, Omenaas E, Thorstensen R. Forskningshåndbok, fra idé til publikasjon(3. utgave)

Oslo, 2009

-Laake P., Benestad H.B., Olsen B.R. (eds.). Research Methodology in the Medical and Biological Sciences. Academic Press, London, 2007.

-Day, R. A. & Gastel, B. How to Write and Publish a Scientific Paper: 6th ed., 2011.

Støtteark (blir lagt ut på Mi Side)

Undervisningsstad

Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Vår og haust. Veke 10 og 11 og veke 46 og 47. Deretter to vekers heimeeksamen