Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Grunnkurs i medisinsk og helsefagleg forsking

  • Studiepoeng6
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMEDMET900
  • Ressursar

Hovedinnhold

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Hovudmålet med kurset er å gjere kandidatane kjende med relevante aspekt i morderne medisinsk og helsefagleg forsking. Kurset gir innsikt i forskingsprosessen med vekt på formidling av forskingsfunn. Kurset dekkjer kravet til etikk og vitskapsfilosofi i ph.d.-utdanninga. Andre tema er lovar og reglar og innovasjon, og viktige kjernefasilitetar og plattformar blir presenterte.

Forskarutdanninga er eit fokusområde for Universitetet i Bergen og målet er å tilby eit grunnkurs av høg kvalitet med ein internasjonal profil og med tverr- og fleirdisiplinær tilnærming. Deltakarane må bruke Mitt UiB for å finne relevant kursinformasjon og materiell frå kurshaldarane.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal kandidatane:

- vere kjent med grunnleggjande element inanfor vitskapsteori

- ha grunnleggjande kunnskap til å kunne kritisk vurdere kvaliteten i formidling av forskingsfunn, munnleg (presentasjonar) og skriftleg (poster, manuskript)

- kunne vurdere føremonane med og bruksmåten til ulike metodar og prosessar i forsking

- forstå og kunne bidra til å utvikle ny kunnskap, nye teoriar, metodar, fortolkingar og dokumentasjonsformer

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

- formulere problemstillingar, planleggje og gjennomføre forskingsprosjekt

- bidra til framifrå forsking som held internasjonal standard

- utfordre etablert kunnskap med kritisk tenking og innsikt på eige og tilgrensande fagområde

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

- identifisere relevante etiske problemstillingar og gjennomføre forsking med fagleg og etisk integritet

- delta i tverrfaglege arbeidsoppgåver og prosjekt.

- formidle forskings- og utviklingsarbeid gjennom velrenommerte nasjonale og internasjonale kanalar

- forstå behovet for innovasjon.

Undervisningsperiode

Kurset blir gitt vår og haust. Kurset har undervisning i to veker (veke 10-11 og veke 46-47). Deretter to vekers heimeeksamen.

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding via Studentweb innan 1. februar og 1. september

Krav til forkunnskapar

Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlina

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.

Inngår i opplæringsdel

Kurset er obligatorisk for alle med opptak i ph.d.-programmet ved Det medisinske fakultet og studentar på Forskarlina ved Det medisinske fakultet, og dekkjer dei obligatoriske krava til vitskapsteori og etikk i opplæringsdelen i forskarutdanninga. Det er ynskjeleg at alle tar kurset det første året dei er på ph.d.-programmet, eller når forskarlinestudentane har permisjon frå medisinstudiet for å drive forsking på full tid.

Vurderingsform

Heimeeksamen (essay 1000-1500 ord) som skal leverast i Inspera 10 arbeidsdagar etter at kurset er avslutta. I tillegg må ein svare på ein MCQ (fleirvalseksamen) som er direkte basert på kursmaterialet innan same tidsfrist. Meir informasjon om eksamen blir gitt på kurset. Heimeeksamen vert sendt til plagiatkontroll.

Karakterskala: Greidd/Ikkje greidd

Fagleg overlapp

Full overlapp med MEDMET1 og INTH901 (ingen av desse blir tilbudt etter V 2021)

Kven kan delta

Kurset er ope for ph.d.-kandidatar og studentar ved forskarlina ved Det medisinske fakultet

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Kurset består av førelesingar og gruppearbeid, presentasjonar og diskusjonar. Gruppearbeid er vektlagt og deltakarane må rekne med noko arbeid om kveldane i kursperioden. Kurset varer i to veker, med obligatorisk oppmøte og gruppearbeid frå kl 09 til kl 16 måndag til fredag. I tillegg må ein setje av tid til heimeeksamen i dei to vekene etter kurset. Heile eller delar av kurset kan bli gjort digitalt, slik det blir annonsert for det enkelte kurs. Oppdatert kurstimeplan vil bli gjort tilgjengelig for påmeldte deltakarar i Mitt UiB.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, kontact Det medisinske fakultet på e-post phd@med.uib.no eller telefon +47 55 58 66 69

Fagleg ansvar

Professor Petur Juliusson

Kjernelitteratur

-Carlsen KCL, Staff A, Arnesen H, Bechensteen AG, Jacobsen AF, Omenaas E, Thorstensen R. Forskningshåndbok, fra idé til publikasjon(3. utgave)Oslo, 2009

-Laake P., Benestad H.B., Olsen B.R. (eds.). Research Methodology in the Medical and Biological Sciences. Academic Press, London, 2007.

-Day, R. A. & Gastel, B. How to Write and Publish a Scientific Paper: 6th ed., 2011.

Støtteark (blir lagt ut på Mi Side)

Kontakt

Undervisningsperiode

Kurset blir gitt vår og haust. Kurset har undervisning i to veker (veke 10-11 og veke 46-47). Deretter to vekers heimeeksamen.