Hovudoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I medisinstudiet skal studentane trene på å gjere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid eller eit innovasjonsprosjekt. Temaet for oppgåva kan være henta frå ulike medisinske fag eller være i skjeringspunktet mellom eit medisinsk fagområde og andre fagfelt, som til dømes teknologi eller pedagogikk. For det vitskaplege arbeidet skal dei utvikle ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmetode, og dei skal få erfaring med bruk av data- og litteratursøking innan medisinske fagfelt eller andre relevante fagområde. Dei skal også lære å uttrykkje seg skriftleg om vitskaplege tema med passande terminologi og språk. For innovasjonsprosjekt skal dei gjennomføre eit prosjekt som viser korleis ein kan drive entreprenørskap i forskingsdriven innovasjon eller tenesteutvikling i tenesteinnovasjon.

Læringsutbyte

Etter godkjend hovudoppgåve har studenten mellom anna følgjande kompetanse:

Kunnskapar

Studenten veit

  • kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte og metode
  • kva som kjenneteiknar innovasjon og entreprenørskap og metodar som ligg til grunn.
  • kva etiske reglar som gjeld ved arbeid med forsking og innovasjon, m.a. med omsyn til personvern
  • korleis ein vitskapleg artikkel skal vere oppbygd

Ferdigheter

Studenten er i stand til å

  • finne fram til, fordjupe seg i og analysere vitskapleg litteratur
  • vurdere om ein artikkel oppfyller grunnleggjande vitskaplege krav
  • velje passande metodar for å løyse oppgåvene som ligg i deira hovudoppgåve
  • arbeide sjølvstendig under sakkyndig rettleiing
  • formidle anna og eige vitskaplege eller innovative arbeid skriftleg og munnleg på ein lettfatteleg og presis måte
  • arbeide med dei metodane som trengs for å drive forsking, forskingsformidling, entreprenørskap eller tenesteinnovasjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over rolla til forsking og innovasjon i produksjon av kunnskap, og kva relevans det har for klinisk praksis
  • viser ei ansvarleg haldning når det gjeld etikk og reieleg framferd i forsking og innovasjonsarbeid
  • viser ei kritisk, men positiv haldning til forskingsresultat, og har eventuelt ei forståing av når og korleis forskingsresultat kan utviklast vidare til innovative løysingar.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskapar
Bestått MED9
Tilrådde forkunnskapar
Emnet ELMED223-A Innovasjon og entreprenørskap er anbefalt for studentar som ynskjer å skrive hovudoppgåve med tema innan innovasjon og entreprenørskap.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer

Arbeidet med hovudoppgåva byggjer på fleire element i medisinstudiet som høyrer til Akademisk søyle: statistikk, epidemiologi, litteratursøking og lesing, forskingsetikk og publikasjonsetikk. Det vert òg gjeve eit seminar i 6. semester med relevante tema for arbeidet med hovudoppgåva.

Arbeidet med hovudoppgåva skal skje under rettleiing, og det skal skrivast kontrakt med rettleiaren om arbeidet og om tema for oppgåva før arbeidet starter.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Arbeidet med hovudoppgåva byggjer på fleire element i medisinstudiet som høyrer til Akademisk søyle: statistikk, epidemiologi, litteratursøking og ¿lesing, forskingsetikk og publikasjonsetikk. Det vert òg gjeve eit seminar i 6. semester med relevante tema for arbeidet med hovudoppgåva.

Arbeidet med hovudoppgåva skal skje under rettleiing, og det skal skrivast kontrakt med rettleiaren om arbeidet og om tema for oppgåva før arbeidet starter.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Det skal leverast ei prosjektskildring innan fastsett frist i 8. semester. Denne skal godkjennast.
  • Oppgåva skal presenterast i eit relevant fagleg forum, og presentasjonen skal godkjennast av rettleiar.
  • Oppgåva skal kunne presenterast i eit felles arrangement ved slutten av 10. semester.
  • Vurderingsformer
    Oppgåva skal vurderast av ein intern sensor. Det ligg føre rettleiing for sensur.
    Karakterskala
    Bestått/Ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Ingen
    Emneevaluering
    Evaluering av emnet går inn i arbeidet til referansegruppa på det einskilde studentkullet, og i skriftleg evalueringsopplegg i regi av studieprogrammet.
    Programansvarleg
    Programutvalg for medisin
    Administrativt ansvarleg
    Det medisinske fakultet