Hjem
Studentsider
Masteremne

Hovedoppgåve

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

20

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

I medisinstudiet skal studentane trene på å gjere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid eller eit innovasjonsprosjekt. Temaet for oppgåva kan være henta frå ulike medisinske fag eller være i skjeringspunktet mellom eit medisinsk fagområde og andre fagfelt, som for eksempel teknologi eller pedagogikk. For det vitskaplige arbeidet skal dei utvikle en vitskapleg tenkje- og arbeidsmetode, og dei skal få erfaring med bruk av data- og litteratursøking innan medisinske fagfelt eller andre relevante fagområde. Dei skal også lære å uttrykkje seg skriftleg om vitskaplege tema med passande terminologi og språk. For innovasjonsprosjekt skal dei gjennomføre eit prosjekt som viser korleis ein kan drive entreprenørskap i forskingsdriven innovasjon eller tenesteutvikling i tenesteinnovasjon.

Læringsutbyte

Etter godkjend hovudoppgåve har studenten mellom anna følgjande kompetanse:

Kunnskapar

Studenten veit

  • kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte og metode
  • kva som kjenneteiknar innovasjon og entreprenørskap og metodar som ligg til grunn.
  • kva etiske reglar som gjeld ved arbeid med forsking og innovasjon, m.a. med omsyn til personvern
  • korleis ein vitskapleg artikkel skal vere oppbygd

Ferdigheter

Studenten er i stand til å

  • finne fram til, fordjupe seg i og analysere vitskapleg litteratur
  • vurdere om ein artikkel oppfyller grunnleggjande vitskaplege krav
  • velje passande metodar for å løyse oppgåvene som ligg i deira hovudoppgåve
  • arbeide sjølvstendig under sakkyndig rettleiing
  • formidle anna og eige vitskaplege eller innovative arbeid skriftleg og munnleg på ein lettfatteleg og presis måte
  • arbeide med dei metodane som trengs for å drive forsking, forskingsformidling, entreprenørskap eller tenesteinnovasjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over rolla til forsking og innovasjon i produksjon av kunnskap, og kva relevans det har for klinisk praksis
  • viser ei ansvarleg haldning når det gjeld etikk og reieleg framferd i forsking og innovasjonsarbeid
  • viser ei kritisk, men positiv haldning til forskingsresultat, og har eventuelt ei forståing av når og korleis forskingsresultat kan utviklast vidare til innovative løysingar.

Krav til forkunnskapar

Bestått MED9

Tilrådde forkunnskapar

Emnet ELMED223 Innovasjon og entreprenørskap er anbefalt for studentar som ynskjer å skrive hovudoppgåve med tema innan innovasjon og entreprenørskap.

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Arbeidet med hovudoppgåva byggjer på fleire element i medisinstudiet som høyrer til Akademisk søyle: statistikk, epidemiologi, litteratursøking og ¿lesing, forskingsetikk og publikasjonsetikk. Det vert òg gjeve eit seminar i 6. semester med relevante tema for arbeidet med hovudoppgåva.

Arbeidet med hovudoppgåva skal skje under rettleiing, og det skal skrivast kontrakt med rettleiaren om arbeidet og om tema for oppgåva før arbeidet starter.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Det skal leverast ein prosjektskildring innan fastsett frist i 8. semester. Denne skal godkjennast.
  • Oppgåva skal presenterast i eit relevant fagleg forum, og presentasjonen skal godkjennast av rettleiar.
  • Oppgåva skal kunne presenterast i eit felles arrangement ved slutten av 10. semester.

Vurderingsformer

Oppgåva skal vurderast av ein intern sensor. Det ligg føre rettleiing for sensur.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Emneevaluering

valuering av emnet går inn i arbeidet til referansegruppa på det einskilde studentkullet, og i skriftleg evalueringsopplegg i regi av studieprogrammet.

Kontakt

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Godkjend oppgåve

    Innleveringsfrist
    27.03.2023, 09:00
    Trekkfrist
    01.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen