Hjem
Utdanning
Masteremne

Overgangsemne mellom st.plan 2005 og plan 2015

Undervisningssemester

Undervisninga er fordelt på to semester. MEDOVERG3 vert undervist våren 2016 for kull 13A og hausten 2016 for kull 13B, medan MEDOVERG4 vert undervist dei fire første vekene i januar 2017 for kull 13A og 13B. Vidare vert MEDOVERG3 undervist våren 2017 for kull 14A og hausten 2017 for kull 14B, og MEDOVERG4 undervist i starten av vårsemesteret 2018 for kull 14A og 14B.

Undervisningsstad

Haukeland Universitetssjukehus.

Mål og innhald

Emnebeskrivelsen gjeld undervisning i patologi og farmakologi for kull 13A, 13B, 14A og 14B, som har overgang frå gamal til ny studieplan.

Generell og spesiell patologi

Faget omfattar læra om sjukdomsprosessar og dei tilhøyrande morfologiske endringane i kroppen sine organ. Undervisninga er delt inn i generell og spesiell patologi.

I den generelle delen får ein innføring i grunnleggjande sjukdomsomgrep. Dessutan vil studenten få innsikt i dei viktigaste generelle sjukdomstypane som til dømes betennelse, aterosklerose og svulstar. Spesiell patologi byggjer på det som vert undervist i den generelle delen. Her lærer ein korleis sjukdomsomgrepa og sjukdomsprosessane kjem til uttrykk i dei organa som vert ramma.

Både i generell og spesiell patologi vil undervisning om mikroskopiske og makroskopiske endringar i celler og vev som følgje av sjukdom, stå sentralt. Dette skal gjere at studenten kan danne seg konkrete bilete av dei endringane i kroppen som sjukdom fører til.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

  • Kjenne til prinsippa for generelle sjukdomsprosessar inkludert terminologi og definisjonar.
  • Kjenne til sjukdomsårsakar (etiologi) og -mekanismer (patogenese).
  • Kjenne til korleis dei vanligaste sjukdomane kjem til uttrykk i kvart organ, både mikroskopisk og makroskopisk.
  • Kjenne til sentrale prosessar og kjenneteikn for kreft- og kreftutvikling.

Ferdigheiter:

  • Kunne skilje mellom normale og klart patologiske vev og organ, både mikroskopisk og makroskopisk.
  • Kunne gjere greie for samanhengen mellom pasientens sjukehistorie og dei funn ein gjer i celler, vev og organ.
  • Kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar godarta og vondarta svulstar.
  • Kunne forstå patologi-rapportar som svar på innsende prøver.

Generell kompetanse:

  • Forstå at kjennskap til patologiske endringar i celler, vev og organ er grunnleggjande for legen sin kunnskap om sjukdom.
  • Kunne kommunisere med patolog om undersøkinger og funn i samband med pasientdiagnostikk.

 

 

Farmakologi

Farmakologi er studiet av korleis legemiddel og andre biologisk aktive stoff vert omsett i organismen og korleis dei påverkar biologiske funksjonar. Faget integrerer kunnskap frå fleire emne i studiet og har ei mellomstilling mellom basalfag som biokjemi og fysiologi og kliniske fag. Det gir grunnlag for gjennomgang av praktisk farmakoterapi i dei kliniske faga.

Faget vert tradisjonelt inndelt i generell, spesiell og klinisk farmakologi. Den generelle farmakologien tek for seg generelle prinsipp for omsetning (farmakokinetikk) og verknad (farmakodynamikk) av legemiddel i kroppen. Spesiell farmakologi tek for seg dei viktigaste legemiddelgruppene og kva sjukdomar dei vert brukt mot, medan klinisk farmakologi omhandlar omsetning og verknad av legemiddel hos barn, eldre og gravide, og hos pasientar med organsvikt, for eksempel nedsett lever- og nyrefunksjon.

I MEDOVERG3 er dei viktigaste tema farmakokinetikk og farmakodynamikk, det autonome nervesystems farmakologi, legemiddel som vert brukt ved sukkersjuke og andre hormonsjukdomar, cellegift og smertestillande og antiinflammatoriske medikament. Dessutan vert det gitt ein generell gjennomgang av biverknader av legemiddel.

I MEDOVERG4 vert det gitt ein repetisjon og utdjuping av tema innan generell farmakologi. Dessutan vert hjerte-kar-farmakologi, legemiddel som påverkar immunsystemet, legemiddel ved lungesjukdom og magesår gjennomgått. Det vert også undervist i legemiddelbehandling av born i forskjellig alder og eldre. På slutten av terminen vert det eksamen som dekker tema som er undervist i MEDOVERG3 og MEDOVERG4.

 

Læringsutbyte

Kunnskapar:

  • Kjenne til generelle prinsipp for korleis legemiddel påverkar kroppslege funksjonar (farmakodynamikk).
  • Kjenne til prinsipp for absorpsjon, distribusjon og eliminasjon av legemiddel (farmakokinetikk).
  • Kjenne dei forskjellige legemiddelgruppene og dei viktigaste legemidlas eigenskapar og bruk (indikasjonar, biverknader og interaksjonar).
  • Kjenne til korleis alder (barn, eldre), svangerskap og sjukdom (nyre, lever mv.) påverkar farmakodynamikk og farmakokinetikk.

Ferdigheiter:

  • Forstå generelle prinsipp for medikamentell behandling av sjukdom, slik at ein kan gjennomføre rasjonell farmakoterapi.
  • Kunne gjere greie for sentrale farmakologiske omgrep og beherske relevant fagterminologi.

Generell kompetanse:

  • Ha innsikt i korleis legemiddel verkar og vert brukt.
  • Kunne vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.
  • Ha eit kunnskapsgrunnlag for vidare læring.

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha nødvendig kunnskap om anatomi og histologi frå tidlegare i studiet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga strekkjer seg over to semester og består av førelesningar, kurs, gruppeundervisning og makrodemonstrasjonar i patologi og førelesningar i farmakologi. Mykje sjølvstudium er ein føresetnad. Kollokvering vert tilrådd.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kurs, gruppeundervisning og makroundervisning er obligatoriske.

Vurderingsformer

Overgangskullene vil få ein felles digital skriftleg eksamen (5 timar) i patologi/farmakologi. Patologi vert vekta med 3 og farmakologi vert vekta med 2. Studentane disponerer fritt tida til dei to delane under eksamen.

Karakterskala

A-F

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    21.08.2019, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
    • Eksamensdel: Skoleeksamen Patologi

      Dato
      21.08.2019, 09:00
      Varigheit
      3 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted
    • Eksamensdel: Skoleeksamen Farmakologi

      Dato
      21.08.2019, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted