Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Etikk og prioriteringar i global helse

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Overordna mål:

Å oppnå større kunnskap om det teoretiske rammeverket for prioriteringsavgjersler i helse, med spesielt fokus på global helse.

Å gi studenten trening i å presentere, i kritisk lesing, akademisk diskusjon og argumentasjon.

Innhald:

To timars seminar anna kvar veke med obligatorisk lesing av både teoretiske nøkkelartiklar og arbeidsutkast frå andre gruppemedlemmer. Eksterne gjestar vil óg delta med foredrag og/eller gruppearbeid.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal kandidaten:

Ha oppnådd sterkare teoretisk kunnskap om relevante emne i filosofi og etikk, økonomi, statistikk og helse.

Kunne meir om kva dei andre medlemmane av forskargruppa jobbar med.

Ha oppnådd ei betre forståing av ulike metodologiske tilnærmingar og val i ulike trinn av den analytiske prosessen og skrivinga.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

Presentere vitskapleg arbeid og resultat på ein relevant måte.

Delta i etiske diskusjonar, reflektere over både teoretiske og praktiske problemstillingar og produsere eigne argument og tankar.

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidaten:

Ha oppnådd ei breiare forståing for det teoretiske rammeverket for helseprioriteringar og korleis desse kan nyttast i tildelingsavgjersler.

Kunne identifisere relevante vitskaplege spørsmål og kunne undersøke, presentere og diskutere desse.

Undervisningsperiode

Vår og haust

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom Studentweb med fristar 1. februar/1. september.

Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. februar/1. september: http://www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. desember/1. juni: http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Vurderingsform

Munnlege presentasjonar og diskusjonar.

Oversikt over deltaking på seminara og haldne presentasjonar kvart semester.

Kven kan delta

ph.d.- kandidatar / forskarlinjestudentar

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Seminar annakvar veke kor både teoretiske artiklar, bokkapittel og arbeidsutkast vil bli lest på førehand, presentert for gruppa og diskutert i plenum. Eksterne forelesarar vil bli invitert til å halde fordrag eller leie gruppearbeid.

To timer annakvar veka i til saman 18 veker, totalt 36 timar pluss 2 timar forarbeid før kvart møte, til saman 72 timar.

Obligatorisk oppmøte med krav om 80% frammøte. Det blir ført liste.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon kan du kontakte:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no

Emneansvarleg: Ole Frithjof Norheim

http://www.uib.no/personer/Ole.Frithjof.Norheim

Kjernelitteratur

Vil bli avtalt ved semesterstart.

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Vår og haust