Rettleiing i praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å byggje opp grunnleggjande forståing for korleis god rettleiing av studentar i praksis førar til læring. Deltakarane i emnet vil få trening i pedagogiske rettleiingsteknikkar.

Kurset handlar om korleis grunnlaget for rettleiing leggjast, viktigheita av god kommunikasjon, rettleiingsteknikkar; refleksjon i individuell rettleiing og gruppeveiledning, evalueringsmetoder og vurdering av studentar si skikketheit.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten..

  • Forstår og kan drøfte det teoretiske grunnlaget for rettleiing
  • Har inngåande kunnskap om dei viktigaste føresetnadene og læringsmiljøet si betyding for læring i praksis
  • Har grunnleggjande teoretisk kunnskap om kommunikasjonsprosesser i rettleiingssituasjonen
  • Veit korleis ein vurderer studentar si skikketheit i praksis og korleis ein skal forhalde seg i skikketheitssaker

Ferdigheiter

Studenten..

  • Kan bruke ulike samtaleverktøy for å bidra til refleksjon og læring hos studentar i praksis
  • Kan fasilitere én-til-én rettleiing og gruppevrettleiing, samt rettleiing i tverrprofesjonelle grupper
  • Kan planleggje og gjennomføre strukturerte rettleiingsprogram
  • Behersker bruk av enkle verktøy og prosedyrer for vurdering og tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten..

  • Har innsikt i og kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar i rettleiarrolla
  • Kan grunngi eigen rettleiingspraksis ut fra relevant teori, empiri og erfaringskunnskap
  • Reflekterer kritisk over eigen rettleiingspraksis og rettleierrolle
Krav til forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskap om Mitt UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Kurset består av obligatoriske fysiske samlingar ved Det medisinske fakultet i Bergen, eigenstudie og innlevering av arbeidskrav.

Det blir to fysiske samlingar på totalt 10 timar. Undervisinga er deltakaraktiviserande, og består av formidling av grunnleggjande prinsipp, diskusjonar og praktisk trening. Det er krav om førebuing til kvar samling.

Arbeidskrava omfattar tre innleveringar i løpet av kursperioden.

  1. Innlevering av videoopptak av ein individuell rettleiingssamtale med kollega på kurset, samt eit refleksjonsnotat basert på opptaket og med utgongspunkt i litteraturen. Videoen skal filmast som ein del av ei oppgåve på fyrste kursdag.
  2. Innlevering av eit videoopptak av ein individuell rettleiingssamtale mellom deg og hen du er rettleiar for (til dømes student i praksis)
  3. Innlevering av videoopptak av ein refleksjonssamtale mellom deg og din kollega frå kurset. Samtalen skal basere seg på video i arbeidskrav 2.

Arbeidskrava skal gjerast mellom dei to samlingane og innan bestemte fristar.

Til eigenstudie og førebuing reknar vi ca. 3 arbeidsdagar gjennom heile kursperioden (minst 24 timar) og til arbeidskravet og innleveringa bereknar vi ca. 4 arbeidsdagar (minst 32 timar). Samlingane blir totalt på 10 timar.

Vurderingsformer
Emnet gir 3 studiepoeng ved oppmøte på undervising samt fullført obligatoriske arbeidskrav.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått